Hopp til innhold

Siste program med Torp: – Er stolt over det vi har fått til

Etter 10 sesongar med viktige samtaler med aktuelle menneske er det no slutt for programmet Torp. Men siste sending byr på ingen ringare enn Gro Harlem Brundtland som gjest.

Ole Torp har sidan 2016 leia intervju- og aktualitetsprogrammet Torp.

Ole Torp har sidan 2016 leia intervju- og aktualitetsprogrammet Torp.

Foto: Gunhild Hjermundrud / Gunhild Hjermundrud

– Eg kjenner på ei stoltheit og profesjonell glede over å ha fått lage programmet. Det var meg som foreslo det i si tid og fekk det gjennomført.

– Eg er stolt og glad over det vi har fått til.

Det seier Ole Torp om intervju- og aktualitetsprogrammet han var med å starte i 2016 saman med vaktsjef Ingebjørg Sæbu.

I fem år har han hatt nærgåande intervju med viktige stemmer i samfunnet vårt.

Alt frå påverkar Sophie Elise til forfattar Tore Rem, toppfotballsjef Lise Klaveness og tidlegare visepresident i USA Al Gore har sete i stolen overfor Torp.

Ole Torp og Kjartan Fløgstad

Ole Torp i samtale med forfattar Kjartan Fløgstad.

Foto: Tone Magni Finstad Vestheim / Tone Magni Finstad Vestheim

Desse samtalane har gjort eit djupdykk i tru og tvil, refleksjonar og haldningar.

– Særpreget med programmet er at det har vore eit tidsaktuelt og seriøst intervjumagasin som har fått viktige samfunnsaktørar i tale.

– Og eg er ublyg nok til å seie at programmet har vore rimeleg vellukka, seier han med eit smil.

– Vore heilt unikt

Det han er mest stolt over med programmet er at han føler at dei har klart å kome tett på interessante menneske som er viktig for den store samtalen i samfunnet.

Og sjølv om han har mange og rike erfaringar som journalist, har programmet likevel hatt mykje å seie for han.

– Det har vore ei moglegheit for refleksjon og djupne som er heilt annleis enn dei andre programma som Nyheitsavdelinga tilbyr. Slik sett har det vore heilt unikt.

– Og til ein rimeleg pris. Med berre to medarbeidarar har det ikkje akkurat kosta skjorta for NRK.

Noregs fyrste kvinnelege statsminister Gro Harlem Brundtland skal vere gjest i den siste sendinga til Torp.

Noregs fyrste kvinnelege statsminister Gro Harlem Brundtland skal vere gjest i den siste sendinga til Torp.

Foto: Gunhild Hjermundrud / Gunhild Hjermundrud

I kveld skal han kome nært på Noregs fyrste kvinnelege statsminister og tidlegare generaldirektør i Verdens Helseorganisasjon (WHO) Gro Harlem Brundtland.

– Gro Harlem Brundtland er ei viktig stemme, og er aktuell i den forstand at ho har hatt tilknyting til WHO. Ho har mykje kunnskap som er relevant i den tida vi lever i no.

Sjølv om det er siste sending, og det med ein svært prominent gjest, er Torp fast bestemt på å halde det profesjonelt til siste andedrag.

– Det blir ikkje noko ekstraordinært eller show-prega i kveld. Vi vil by på profesjonalitet til siste slutt.

Treng meir seriøs journalistikk

Ole Torp meiner at vi ikkje treng mindre, men meir seriøs journalistikk i norsk offentlegheit og i NRK i dag.

– Det er eit større behov enn nokon gong for den seriøse journalistikken som er påliteleg og som tar opp viktige og vanskelege tema.

Ole Torp

Ole Torp ved kulissane til studioet.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Og legg til at både gode tilbakemeldingar og gode sjåartal peiker på at det framleis er behov for Torp.

Han registrerer derfor at leiinga og han har ulike haldningar til betydinga til eit slikt program.

– Dette er ikkje eit talkshow, det er fritt for underhaldningskjendisar og lanseringsutspel. Det er eit seriøst program i god allmennkringkastar-tradisjon.

– Ingen dramatikk

Nyheitsredaktør Knut Magnus Berge fortel at det er verken dramatikk eller misnøye som er bakgrunnen for at det ikkje blir satsa vidare på Torp.

– Dette er ein del av ei fortløpande omstilling som skjer i NRK der vi forsøker å nå stadig nye grupper og breiare publikum. Nokre programkonsept blir lagt ned, andre konsept blir lansert.

Knut Magnus Berge

Nyheitsredaktør Knut Magnus Berge

Foto: EKROLL, ANNE LIV / NRK

Han understrekar at programmet Torp har fungert etter hensikta. Og at Ole Torp er ein av NRKs fremste og dyktige journalistar.

– Vi har stor tru på at han får vist fram sine gode kvalitetar for enda fleire i det neste han skal ut på.

– Ole går no tilbake til Dagsrevyen og vil nå eit endå breiare publikum med sin journalistikk. Og vi lovar å ta vare på den seriøse journalistikken i NRK.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters