..Frå ei gomol kjering til ei ung jente
Me møtest brått frå kvar vår tidbolks kvervel,
ukjende, frå sama tid og stad. To lauv
lik lóvar i eit hòndtrykk. Ein lunka gauv
av hyggje sig, i hugen skin ein kyndel:
Lik moreld i mitt vemods gamle spegil,
skin di unge - og den gamle røyst i haug,
båe gjev mitt hjarta løynlegt ljos og laug.
Løynde fingrar slær horpestreng av kingel.
Eg både fær ei dotter, blir ei dotter
av diktaren frå longe farne dagar,
når ordet - hònd og stjønne - stryk meg atter -
Lik fivreld kvervlar lauv i haustens hagar,
frå unge tre som veks og skin av skattar,
frå tre som ikkje meire er, men svagar.
Sigrid Omland Hansteen