Framfor Kistefos Museum i naturskjønne omgjevnadar inviterte Sigrid på oppstemte tonar og følsame melodiar då ho framførte «Don’t kill my vibe» og «Home to You».
Framføringa var ein del av arrangementet «Countdown Global Launch» i regi av TED, og tok plass laurdag 10. oktober.
Sigrid seier til NRK at det var spennande å vere med på arrangementet.
– Det var enormt stas!
– Eg skal innrømme at eg var litt stressa for å snakke om noko så alvorleg og prekært, men det viktigaste bodskapet mitt er eigentleg berre å oppfordre folk til å stemme på politikarar som tek miljøet på alvor.
Sigrid hadde med seg delar av bandet under framføringa.
– Det var ordentleg godt å samle delar av bandet og crewet for å spele musikk saman igjen. Eg håpar det ikkje blir så lenge til neste gong, seier ho.
Countdown er TEDs initiativ til å raskt få i gang løysningar på klimakrisa. Målet er å byggje ei betre framtid ved å halvere klimagassutslepp innan 2030 – i kappløpet om å oppnå null karbon-utslepp.
HØGTSTÅANDE: Prins William var berre ein av mange høgtståande personar som tok del i TED Global Countdown.
Foto: TEDKjendistungt selskap
Countdown var gjort til eit heildigitalt arrangement med meir enn 50 foredragshaldarar, aktivistar, skodespelarar og musikarar.
Og det var ei rekke kjente, innverknadsrike personar som til dømes Jane Fonda, Priyanka Chopra Jonas, Chris Hemsworth, Pave Frans, Prins William, og ikkje minst Al Gore som var med.
Om Sigrid skriv dei at ho er eit eineståande talent med eit kolossalt sinn, stemme og haldning.
Sjølve arrangementet var delt inn i fem økter, beståande av handlingsrike og vitskapeleg støtta idear, saman med augneblink av undring, inspirasjon og optimisme, skriv TED på si nettside.
MILJØAKTIVIST: Den amerikanske politikaren, forretningsmannen og miljøaktivisten Al Gore var med på Ted Countdown.
Foto: FABRICE COFFRINIBasert på ideane som vart delte under dette møtet, skal Ted arbeide med å støtte ei rekke prosjekt som skal setje spesifikke mål for korleis ein kan handle med tanke på klimaperspektivet opp mot FNs Klimakonferanse (COP26) i 2021.