Å oppnå gullmedalje under Landskappleiken er det ingen noverande hardingfelemakar som har klart. Dommarar under årets Landskappleik var Knut Myrann frå Nesbyen og Sigvald Rørlien frå Voss.
Langt tilbake for å finne gull
Magne Kvamme er fiolinbyggjar som held høg internasjonal kvalitet på sine instrument. Sidan 1977 har han delteke regelmessig på internasjonale konkurransar for profesjonelle fiolinmakarar. Men, å oppnå gullmedalje for hardingfelebygging på Landskappleiken skjer i praksis nesten aldri.
- Truleg må ein heilt tilbake til 1920-talet for å finne nokon som har motteke gull for hardingfelebygging. Men, ingen veit eigentleg heilt sikkert kva tid og kor mange som har oppnådd akkurat dette, seier Knut Myrann.
Vakkert og klart
Kva blir lagt vekt på når hardingfeler og vanleg feler skal dømmast?
- Ein kombinasjonen av det handverksmessige og tonekvalitet. Som dommarar har vi totalt 400 poeng til fordeling, 200 til døming av handverket og 200 for tonekvaliteten. Magne Kvamme si hardingfele oppnådde heile 377 poeng, fortel Knut Myrann.
Kva var det sensasjonelle ved akkurat dette instrumentet?
- Det handverksmessige er ekstremt godt utført. Denne hardingfela er modellert etter ei hardingfele som Olaf G. Helland bygde i 1932. Lakkeringa og rosinga til Magne Kvamme er forseggjort i minste detalj. Sjølv meisteren Olaf G. Helland har ikkje klart å gjere so fint arbeid.
Kva med tonekvaliteten?
- Denne hardingfela har ein fast og klar tone og har rette fundamentet for å bli ei hardingfele i toppklasse. Ein må hugse på at fela er heilt ny og er difor også fersk i tonen. Men, i denne hardingfela ligg det mykje latent i tonen som vil kome ved innspeling av instrumentet, avsluttar Myrann.
Instrumentutstilling under Landskappleiekn 2002
RESULTATLISTE - INSTRUMENTUTSTILLING
Hardingfele:
1. Magne Kvamme, Lfs, 377 Gullmedalje
2. Oskar Stuveseth, Eiker spellemannslag, 336 Sølvmedalje
3. Magne Leiknes, Lfs, 335 Sølvmedalje
4. Oskar Stuveseth, Eiker spellemannslag, 328 Sølvmedalje
5. Lynn Berg, Lfs, 276 Bronsemedalje
6. Lynn Berg, Lfs, 270
7. Arne Toralf Mjanger, Lfs, 264
Vanleg fele:
1. Peder Myrvang, Lfs, 329 Sølvmedalje
2. Nils K.F. Nilssen, Selskapet Cremona, 323 Sølvmedalje
3. Nils K.F. Nilssen, Selskapet Cremona, 317 Bronsemedalje
4. Peder Myrvang, Lfs, 314 Bronsemedalje
5. Asbjørn Fonn, Indre Sunnfjord spelemannslag 302
Bronsemedalje
6. Olav Vindal, Hardanger spelemannslag, 264
7. Saxe Bjørkedal, Flora spelmannslag, 260
8. Are Fagerhaug, Solør felemakerklubb, 256
9. Ola K. Høsøien, Lfs, 245
10. Arne Toralf Mjanger, Lfs, 233
Fløyte:
1. Magnar Storbekken, Lfs, 340 Sølvmedalje
Tekst og foto: Gunn Sølvi Gausemel