Norilds musikk sin katalog omfattar i dag kring 130 ulike titlar med folkemusikk og gammaldans.
- Det er totalt gjeve ut omlag 3000 produksjonar med folkemusikk og gammaldans. Dette er musikk som ikkje har nokon datostempling. Artistar som var populære for 10 år sidan sel enno. Carl Jularbo, som døde på 1960-talet, er enno bestselgar, fortel Kjell Opsal som driv Norild musikk saman med sonen Reidar Opsal.
Eige distribusjonsselskap
Norilds musikk på Landskappleiken
Kvifor er folkemusikk og gammaldansutgjevingar lite tilgjengelig?
- Produksjonar med folkemusikk og gammaldans når i dag ikkje fram til butikkane og blir dermed ikkje tilgjengeleg for folk flest. Dette meinar vi skuldast mangel på kunnskap både hjå distribusjonsselskap og hjå butikkane, seier Kjell Opsal
Kvifor startar de eige distribusjonsselskap?
- Med eige distribusjonsselskap vil vi vere uavhengige av dei andre kjedene som distribuerar musikk i dag. På den måten kan vi med vår spesialkunnskap innan folkemusikk og gammaldans gå rett til butikkane og tilby vara sjølve, forklarar Reidar Opsahl.
Positiv testperiode
Før Norild for alvor set i gang med eige distribusjonsselskap har dei gjennomført ei testperiode for å sjekke om produkta verkeleg sel slik dei sjølve meinar.
Kva går testperioda ut på?
- Vi har hatt ein minitest der vi har plassert ut eigne stativ, sokalla "sjokkselgarar" i åtte butikkar i austlandsområdet. Samtidig er nokre av produksjonane også blanda med dei generelle musikkproduksjonane i butikkane. Det viser seg at "sjokkselgarane" sel best. Vi har allereie opplevd at butikkar no tek kontakt med oss for å få påfyll av folkemusikk og gammaldans, forklarar Reidar.
Kva tid kan de sjå resultat av testperioden?
- Testperioden starta i april og vil vare ut august og vi reknar med å kunne presentere eit resultat rundt 1. september i år, seier Kjell.
Vil musikken bli tilgjengeleg over heile landet?
- Ja, vi har sidan april gjort avtale med 50 butikkar frå nord til sør, jamt fordelt mellom by og land. Målet vårt er å kunne tilby produkta våre til endå fleire butikkar.
Kjell og Reidar Opsal lovar folkemusikk til heile landet
Kjøpargruppe
Kven kjøper denne musikken?
- Ein må ikkje tru at det berre er eldre folk som likar denne musikken. Vi mottek daglig telefonar frå folk i alle aldersgrupper som lurer på kvar dei kan få kjøpt musikken, fortel Reidar Opsal.
Men når de den aldersgruppa sal av musikk i dag er retta mot?
- Den største kjøpargruppa som sal av populærmusikk er retta mot er dei frå 20–35 år. Vi er ikkje avhengig av denne aldersgruppa for å selje vår musikk. For oss er det viktig å vere bevisst på at det er dei som er over 50 som er vår sterkaste kjøpegruppe, seier Reidar
- Vi er forresten svært glad for at vi ikkje har nokon konkurranse akkurat her. Dei over 50 er jo dei som i dag har meste pengar å handle for. Dei kjøper gjerne ein CD med musikken dei likar best, smiler Kjell Opsal, før han ekspederar neste kunde under Landskappleiken.
Tekst og foto Gunn Sølvi Gausemel