Hopp til innhold

- Filmen kler av Se og Hør

No kjem «En helt vanlig dag på jobben». - Filmen kler av dei som vanlegvis kler av andre, seier tidlegare Se og Hør-journalist Håvard Melnæs.

Ingar Helge Gimle i rollen som Sven O. Høiby

Ingar Helge Gimle i rolla som Sven O. Høiby.

Foto: Line Dybwad-Olsen / Folk Flest Filmproduksjon

Fredag 12. mars har En helt vanlig dag på jobben premiere. Filmen er basert på boka med same namn, skrive av tidlegare Se og Hør-journalist Håvard Melnæs. I boka skildra han dei ufine arbeidsmetodane han brukte då han arbeidde i Se og Hør. Manuset er skrive av Erlend Loe, og i filmen heiter vekebladet Folk Flest, men metodane som vert skildra er dei same.

Spesielt forholdet mellom Håvard Melnæs (Jan Gunnar Røise) og Sven O. Høiby (Ingar Helge Gimle) er eit viktig element i filmen.

- Filmen kler av dei som vanlegvis kler av andre, seier Håvard Melnæs.

- Treng debatten

Håvard Melnæs

Håvard Melnæs har skrive boka filmen er basert på.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Då boka En helt vanlig dag på jobben kom, vekte arbeidsmetodane som vart skildra der stor debatt. Debatten førte til slutt til ei endring i Ver varsam-plakaten, dei etiske retningslinjene til journalistar og redaktørar.

Håvard Melnæs tykkjer debatten som følgde er bra og viktig.

- Ein treng ein debatt om kjendisfokuseringa i norsk media. At vekebladet Se og Hør skriv om kjendisar er kanskje ikkje så problematisk, men når kjendisjournalistikken spreier seg som eit virus i alle redaksjonar er det eit problem.

Er med sjølv

Trass i at Jan Gunnar Røise spelar Håvard Melnæs i filmen, er også Melnæs sjølv med. Det er det manusforfattar Erlend Loe, som klarte å overtale han til.

Melnæs fortel at han grur seg til å sjå seg sjølv på film. Han har enno ikkje sett den ferdige filmen, det skal han først gjere på premieren på fredag.

En helt vanlig dag på jobben

Ingar Helge Gimle, Jan Gunnar Røise, Håvard Melnæs og Erlend Loe.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

- Det er rart, det er ein film om ein periode av livet mitt. Men det er også tilfredsstillande, det har vore ein lang prosess, seier Melnæs.

Uvisst kva Se og Hør synest

Korleis Se og Hør (som i filmen vert kalla Folk Flest) vil reagere på filmen er enno uvisst.

- Svært lite i filmen er fiksjon. Det er ei veldig truverdig skildring av røynda. Måten dei eigentleg arbeider på er verre, seier Melnæs.

Mikkel Gaup, Jan Gunnar Røise

Arbeidsmetodane til Se og Hør er hovudtema i filmen «En helt vanlig dag på jobben».

Foto: Line Dybwad-Olsen / Folk Flest Filmproduksjon

Men spesielt glad for merksemda på arbeidsmetodane til vekeblada, trur ikkje den tidlegare Se og Hør-journalisten at dei vil verte.

- Se og Hør har aldri fokus på seg sjølv, dei meiner at all PR er dårleg PR. Dei kjem nok til å prøve å tie i hel filmen, men det trur eg heldigvis ikkje dei vil lukkast med.

Regissør Terje Rangnes trur at Se og Hør-journalistar og -redaktørar kjem til å kjenner seg att i filmen, men meiner at framstillinga er gjort med eit smil.

- Dersom dei kjenner seg urettferdig behandla, kan dei tenkje på korleis dei har behandla sine klientar gjennom mange år, seier Rangnes.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.