Hopp til innhold

Piskar bloggar offentleg

I føremiddag blei bloggaren som vil ha meir ytringsfridom piska 50 gonger i Saudi-Arabia: – Forferdeleg at Noreg sel militært utstyr til dette landet, seier Snorre Valen i SV. Bloggaren vil bli piska kvar fredag i 17 veker frammover.

Demonstrasjon for Raif Badawi

DEMONSTRASJON: Ei kvinne held opp eit bilde av bloggar og forkjempar av ytringsfridom, Raif Badawi utanfor Saudi-Arabia sin ambassade i Oslo. Raif Badawi skal piskast tilsaman 1000 gonger fordi han vil ha ein fri diskusjon i det autoritære oljerike landet.

Foto: Øystein Windstad

I dag tidelg var det ein protestdemonstrasjon utanfor Saudi-Arabia sin ambassade i Oslo. Bloggar og aktivist Raif Badawi skreiv at han ville ha meir ytringsfridom i det svært udemokratiske landet, fekk 50 av til saman 1000 piskeslag i dag.

Raif Badawi

LIBERAL: Bloggar Raif Badawi har jobbar for å få til fri debatt og demokratisk utvikling i Saudi-Arabia. Landet ligg på botnen av rangeringane over ytringsfridom i verda.

Foto: Amnesty

Noreg har seld militært utstyr for 650 millioner kroner til Saudi-Arabia dei siste ti åra, viser ein rapport frå Changemaker:

– No blir denne mannen piska offentleg og det er heilt feil av Norge å selje militært utstyr til Saudi-Arabia. Noreg er med på å undertrykke ytringsfridomen til Rais Badawi og andre med denne eksporten og dette må det bli slutt på, seier Valen som heldt appell i demonstrasjonen.

(Saka fortset under biletet)

Snorre Valen

MOT VÅPENEKSPORT: Snorre Valen i SV gjekk hardt ut mot at Norge har solgt militært utstyr til Saudi-Arabia for 650 millioner kroner: - Dette er utstyr som dei brukar for å undertrykke ytringsfridomen i landet. SV, Venstre og KrF har jobba mot eksporten lenge.

Foto: Øystein Windstad

Vil protestere mot eiga regjering

Valen i SV får støtte av bloggar og stortingsrepresentant frå Høgre, Heidi Nordby Lunde:

– Eg meiner at regjeringa må slutte å selje våpen og kommunikasjonsutstyr til autoritære regimer som Saudi-Arabia. Dette vil eg ta opp med mi eiga regjering, seier ho og legg til:

– Piskinga av Raif Badawi er ei grufull handling og er terror for å skremme folk frå å ytre seg. Han skal bli piska med 50 slag kvar fredag i 17 veker til. Eg vil stå utanfor denne ambassaden kvar fredag i protest, seier Nordby Lunde også kjent under bloggarnavnet Vampus.

(Saka fortset under biletet)

Heidi Nordby Lunde

APELL: Heidi Nordby Lunde er kjent som politisk bloggar og stortingsrepresentant frå Høgre. Ho er svært kritisk og opprørt over det Sadui-Arabia gjer: -Svært hyklersk av dei å gå i mars og sei 'Eg er Charlie' samstundes som dei piskar dei som vil ha ytringsfridom.

Foto: Øystein Windstad

– Har meir tilfelles med terroristane

Amnesty Norge stod bak protesten utanfor den Saudi-Arabiske ambassaden i dag tidleg. Etter terrorangrepet mot satiremagasinet Charlie Hebdo så gjekk folk frå den Saudi-Arabiske regjeringa i ytringsfriheits-marsjen «Eg er Charlie».

Generalsekretær i Amnesty John Peder Egenæs er svært kritisk til landet som har verken snev av demokrati eller ytringsfridom:

– Magen min vrengde seg då eg såg Saudi-Arabiske politikarar i denne marsjen. Det er kvalmande. Det å piske ein som vil ha meir ytringsfridom representerer den same tenkinga som dei som angreip Charlie Hebdo.

Dømt for å ha fornærma islam

Raif Badawi er født i 1984 og starta nettsida Free Saudi Liberals. For dette så blei han i 2014 dømt til 1000 piskeslag og ti års fengsel for å ha fornærma islam. Dette er ein dom som svært mange muslimar og andre muslimske land har protestert mot. Badawi fekk dei 50 første piskeslaga fredag 9. januar. Regimet i Saudi-Arabia vil dele opp piskinga slik at han skal overleve å få alle dei 1000 slaga.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters