Hopp til innhold

I denne byen gav dei meir enn alle andre til TV-aksjonen

Heile 243.310.609 kroner er samla inn så langt under årets TV-aksjon. På topp i gjevarglede er vestlendingane og folket på Svalbard.

Longyearbyen, svalbard, nedsiden av byen

GAV MEST: I Longyearbyen på Svalbard er TV-aksjonen ein folkefest og ingen er i nærleiken av å gje så mykje kvart år.

Foto: Ida Louise Rostad / NRK

I år som i fjor klarte folk på Svalbard å samle inn over éin million kroner til TV-aksjonen «Barn, ikkje brud» i regi av Plan Noreg.

– Det er jo det at vi har det så gøy. Stasen er jo at folk føler at dei får like mykje tilbake som det dei gir, seier Anne Lise Klungseth Sandvik på telefon frå Longyearbyen.

Ho har på mange måtar stått i spissen for at TV-aksjonen kvart år nærast er ei høgtid i lokalsamfunnet i Longyearbyen.

Kvart år samlar folk seg på skulen i byen.

– Det er ein festdag på skulen. Det var ein unge som sa at TV-aksjonen er mykje meir gøy enn 17. Mai. TV-aksjonsdagen er ein dag som folk gler seg til, både unge og vaksne, fortel Sandvik.

Anne Lise Klungseth Sandvik på Svalbard

GJEVARGLEDE: Anne Lise Klungseth Sandvik har budd på Svalbard i mange år og var med på å lage grunnlaget for suksessen TV-aksjonen har hatt der.

Foto: NRK

For dei ansvarlege for TV-aksjonen var det stort å sjå at totaltalet no har bikka 243 millionar kroner.

– Dette er helt vilt, det er ei veldig viktig sak, og eg må seie på vegne for alle vi skal gjere ein forskjell for: «Tusen takk!», seier Partapuoli i Plan International Noreg til NRK.

  • Vestlandsfylka Rogaland og Vestland som har gitt mest per innbyggjar med 54,78 kroner, lågast er Viken med 38,21 kroner per innbyggjar.
  • Svalbard er som vanleg den kommunen som har gitt mest med 564 kroner per innbyggjar.
  • Regjeringa er den størst enkeltgjevaren med 50 millionar, deretter kjem P3-aksjonen med 8,4 millionar og Norsk Hydro med 1,2 millionar kroner.
TV-aksjonen 2021. Her jublar programleiarane Robert Stoltenberg, Anne Rimmen, Christian strand, statsminister Jonas Garh Støre med fleire over totalbeløpet som vart samla inn.

JUBEL: Her jublar programleiarane Robert Stoltenberg, Anne Rimmen, Christian strand, statsminister Jonas Garh Støre med fleire over totalbeløpet som vart samla inn.

Foto: Astrid Hexeberg / Plan International Norge

I år går inntektene til Plans arbeid for å overvinne barneekteskap i Malawi, Niger, Mali, Nepal og Bangladesh.

– I dei landa TV-aksjonen skal gå til har fattigdommen auka og færre barn går på skulen. Nettopp fattigdom og mangel på skuletilgang er to av årsakene til at barneekteskap framleis finst, sa Partapuoli da innsamlingsaksjonen starta søndag.

Etter sendinga søndag kveld kunne generalsekretæren sleppe jubelen laust:

– Med denne inntekta kan vi gjere så mykje. Dette betyr så mykje, sa ho til NRK.

Sjekk kor mykje kommunen din har gitt så langt her.

Jente kledd i brudeslør og brudekjole. Bildet er tekstet med «Barn, ikke brud».

Årets TV-aksjon går til å overvinne barneekteskap i Malawi, Niger, Mali, Nepal og Bangladesh.

Det vil framleis bli registrert bidrag dagane som kjem.

Kulturstrøm

  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)

  • Ingen palestinske flagg under Eurovision

    Publikum får ikke lov til å ta med palestinske flagg eller skilt med politiske budskap.

    Kun mindre flagg tilhørende deltakende land tillates, samt Pride-flagget.

    – Disse reglene er som året før. Det er ingen forandring, sier den svenske EBU-sjefen Martin Österdahl.

    Det ventes mange demonstrasjoner mot Israels deltakelse i Eurovision Song Contest (ESC) på grunn av landets krigføring i Gaza.

    Sikkerhetsoppbudet rundt arrangementet 7.–11. mai er svært omfattende.

    Vekterne som skal slippe inn publikum, har fått instrukser om å stanse folk med palestinske flagg samt skilter med politiske budskap.

    -
    Foto: AFP