- Det er utruleg enkelt å lage konspirasjonsteroriar, og dei funkar. Sjå berre på kor utruleg omtrentlege USA, Storbrittania og Irak har vore i omgangen med sanninga, seier Hoksnes.
- Det er all grunn til å tenne alle konspiratoriske lamper når du veit at statsminister Bondevik, industrigigantane Røkke og Reiten, EU-ambassadør Grydeland, forfattarane Bjørnson, Nesbø og Hoem, mediafolk som Bruaset og Fostervold, idrettsfolk, pengefolk, politikarar en masse, faktisk er etniske romsdalingar.
Korleis kunne for eksempel den gigantiske industriutbygginga Ormen Lange hamne på romsdalskysten? Jau, trønderar og nordmøringar hevdar det er ”vondskapens akse”: Bondevik, Røkke og Reiten som har fiksa det. Kanskje dei har rett?, seier Hoksnes. Kanskje har romsdalingane ein plan om å ta over alt?
Romsdalingen Arild Hoksnes er gjennom mange år kjend som NRK Møre og Romsdals aktuelle kåsør. Han har eit stort publikum på scena med kabaretar og stand-up i heimfylket, og til våren skal ha opp på sjølvaste Teatret Vårt i Molde med ei eiga forestilling. - Der skal me feire at romsdalingane har teke over makta i ei festforestilling, seier Hoksnes.
I haust kjem boka om den store konspirasjonen på Samlaget. I serien har Hoksnes hjelp av Are Kalvø som statsminister Bondevik, og moldeguten Erik Hattrem imiterer Reiten, Hareide og Bruaset.
Tilrettelagt for web av Per Kristian Johansen.
Lyd og video
- Bevis 1 : "Det er ikkje muslimane du skal frykte – det er romsdalingane"
- Bevis 2: "Alle romsdalingar heiter Kjell"
- Bevis 3: "Romsdalingane kjem sigande som glasmaneten"
- Bevis 4: "Molde - konspirasjonens Mekka"
- Bevis 5: "Vondskapens kakse – generaldirektøren i Norsk Hydro"
- Bevis 6: "Kjell Bjørnstjerne Bjørnson og nasjonalsongkuppet"
- Bevis 7: "Romsdalingane har masseøydeleggelsesvåpen"
- Bevis 8: "Der ingen skulle tru at nokon var frå Bud"