Hopp til innhold

Rolling Stones feirer 50 år med nytt album

Rolling Stones fyller 50 år i år, og feirar jubileet med eit nytt album med gamle storsuksessar. Musikkpressa melder også at minst fire nye konsertar er planlagde.

Rolling Stones

Charlie Watts, Keith Richards, Ronnie Wood og Mick Jagger på opninga av jubileeumsfotoutstillinga i London tidlegare i år.

Foto: LEON NEAL / Afp

Det nye samlealbumet til Rolling Stones skal heite «GRRR!», og skal kome i fire versjonar.

Mellom anna ei utgåve på fire CD-ar og til saman 80 spor, medan den meir nostalgiske fansen får ein boks med gamaldagse tolvtommarar av vinyl, meldte gruppa i ei kunngjering tysdag.

«GRRR!» vil bestå av Stones-klassikarar som «Satisfaction», «Brown Sugar» og «Jumpin' Jack Flash», så vel som gruppa sin aller første innspeling, «Come On» frå 1963.

To nye spor

Albumet, som blir sloppe 13. november, skal også innehalde to heilt nye spor som vart spelte inn i Paris for kort tid sidan, ifølgje gruppa.

Ifølgje Billboard heiter dei «Gloom And Doom» og «One Last Shot», og er dei fyrste til å bli spelte inn etter «A Bigger Bang»-albumet som kom i 2005.

I oktober skal en film om Rolling Stones si historie frå bandets fyrste konsert til deira liv og musikk i dag, ha premiere på kino i Storbritannia.

Filmen heiter «Cross Fire Hurricane», eit sitat frå den fyrste tekstlinja i «Jumpin' Jack Flash».

Konsertar

Stones skal også spille to konsertar på O2-arenaen i London og to på Barclays-senteret i Brooklyn i november, melder Billboard.

Konsertane kan gi bandet inntekter tilsvarande 145 millionar norske kroner.

12. juli 2012 var det 50 år sidan Rolling Stones spelte sin fyrste konsert, men til og med bandet sjølv klarar ikkje å gi eit eintydig svar på når dei fyller 50.

– Charlie Watts vart ikkje med i bandet før i 1963. Me ser på 2012 som jubileet for «unnfangelse», men «fødselen» er til neste år, sa Keith Richards tidlegare i år.

Kulturstrøm

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift