– Du veit slik to hannløver bevegar seg mot kvarandre? Sakte og forsiktig, og prøver å finne ut om den andre er venlegsinna eller ikkje. Slik kom han mot meg, seier Ray Kay.
Han fortel om sitt fyrste møte med Aerosmith-vokalisten, Steven Tyler. Ray Kay skulle lage musikkvideo for ei låt frå soloalbumet til Tyler, og møtte han i huset hans i Los Angeles.
– Han stirra rett på meg. Så begynte han å sjå ut i lufta rundt meg. Det kjendest som om det gjekk føre seg i ei evigheit, seier Ray Kay.
Etter å ha brukt eit halvt minutt på å kome fram til Ray Kay sa Steven Tyler plutseleg: «Hey. I like you man. I'm Steven», fortel Ray Kay om det noko spesielle møtet.
Musikaren var svært oppteken av å vere med på den kreative prosessen kring musikkvideoen, og på spørsmål om kva stjerne han har likt å jobbe med best, så svarar Ray Kay: Steven Tyler.
- LES OGSÅ:
(Saka held fram)
Ray Kay og Steven Tyler.
Foto: PressebileteSette seg eit mål
Som 16 åring begynte Reinert K. Olsen, som han eigentleg heiter, i lokal-TV i Haugesund.
Der fekk han prøve seg på alt frå redigering til produksjon, og lærte handverket med å gjere det.
For ti år sidan ville han ha nye utfordringar. Han begynte å lage musikkvideoar her heime og sette seg eit mål:
– «Innan eg er 30 år vil eg jobbe med dei største stjernene i Hollywood», seier Ray Kay.
Han hadde ein tiårsplan for korleis han skulle greie det, steg for steg. Via England hamna han i USA og etter den andre store jobben sa folka i bransjen: «No må du berre bli her», fortel Ray Kay.
No bur 33-åringen i Los Angeles, Miami og New York, og draumen har gått i oppfylling.
- LES OGSÅ:
(Saka held fram)
Ray Kay trivast med å jobbe i USA. Men om det kjem eit interessant norsk prosjekt hans veg, er han open for det også.
Foto: Ray Kay / PressebileteHard jobbing
Ray Kay har gått frå å gjere alt sjølv, til å ha folk som jobbar for han.
– Eg synest eigentleg eg har nok med å ha regi, seier han, men legg til at han sjølvsagt er involvert i alle ledd i prosessen.
Han fortel om lange dagar på settet, som kan vare i opptil 18 timar. Heldigvis tek eit opptak normalt berre 1–3 dagar, og det ferdige produktet er klart i løpet av 1–2 månader.
Han er oppteken av å ha «reine idear», at musikkvideoen dreier seg om berre ein ting. Slik hugsar folk den betre, meiner Ray Kay.
Til saman har Ray Kay sine musikkvideoar blitt sett 1 milliard gonger på YouTube.
Musikkvideoen til Justin Bieber sin «Baby» er den mest sette videoen uansett kategori, men over 750 millionar visningar.
– Det har vore ein lang veg til toppen. Ein må jobbe knallhardt, men eg har fått resultat. For eit par år sidan var eg i tvil om eg ville anbefalt nokon å gjere det same, men no håpar eg folk kan bli inspirert av det eg har fått til, seier Ray Kay.
- LES OGSÅ:
Prøver seg på spelefilm
Ray Kay.
Foto: Agnese Bremere / NRKOm alt går etter planen, skal Ray Kay debutere som spelefilmregissør med filmen «Paranormalcy».
Prosjektet er i utviklingsfasen og Ray Kay medgir at ting tek tid i Hollywood.
– Eg vart sjokkert over kor lang tid det tek å utvikle ein film. Det er fram og tilbake og masse møter før ein i det heile teke får «grønt lys», altså at filmen faktisk skal bli laga, frå studioet, seier han.
Han ser for seg ei framtid innan spelefilm fordi det er vanskelegare enn musikkvideoar.
Og det skal vere vanskeleg, ifølgje Ray Kay. Han må ha noko å bryne seg på:
– Når ein når toppen av fjellet så oppdagar ein at det er eit nytt og større fjell bak det, seier Ray Kay.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: