Hopp til innhold

Vil du kåre vinnaren av P2-lyttaranes romanpris?

P2-lyttaranes romanpris skal delast ut for attande gong, og bokredaksjonen i NRK søkjer difor etter leseglade folk som har lyst til å sitje i juryen. No kan du vere med på å stemme fram vinnaren!

Juryen i P2-lytternes Romanpris 2013

Fjorårets jury bestod av (f. v.) Magnus M. Myhre, Kjell Hole, Kjartan Lindøe, Oda Amanda Malmin, Margrethe Storm og Tove Træsdal.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

Jurymedlemene må:

  • lese seks romanar som er valt ut av ein fagjury i NRK.
  • kome til NRK i Oslo ei helg på nyåret og diskutere med resten av juryen, for til slutt å kåre vinnaren.

Jurymedlemene må ikkje:

  • vere profesjonelle litteratar. Me er ikkje ute etter forfattarar, forlagsfolk eller andre som arbeider profesjonelt med litteratur.

Romanane kjem i posten til dei utvalde jurymedlemene. NRK betaler reise og opphald.

Viss dette er ein jobb du har lyst på, sender du ein e-post til romanprisen@nrk.no innan 16. november. Fortel litt om deg sjølv og kva du liker å lese, så set me saman ein fin jury i slutten av november.

Meir enn hundre tidlegare jurymedlemmer kan ikkje ta feil: Dette er ein spennande, interessant, lærerik og eksklusiv deltidsjobb!

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters