Hopp til innhold

Politikarar vil ha nye reglar for vinomtale

Fleire politikarar meiner avisene har altfor mykje omtale av vin. No ønsker dei å endre regelverket for å avgrensa vinspaltene i avisene. – Eg er litt overraska og ein smule sjokkert, seier generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen.

Vin.

VINOMTALE: Senterpartiet og KrF vil ha slutt på reklameliknande vinspaltar i avisene. Det får fleire til å reagere negativt.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Norske aviser bruker reklameverkemiddel når dei omtalar vin og det er med på å undergrave reklameforbodet mot alkohol som er i Noreg, meiner Kjersti Toppe, medlem i helsekomiteen for Senterpartiet.

Kjersti Toppe

ØNSKER ENDRING: Kjersti Toppe, medlem i helsekomiteen for Senterpartiet, ønsker saman med andre politikarar å endre reglane for vinomtale i norske medium.

Foto: Vågenes, Hallgeir / VG

– Det er problematisk og derfor ønsker me å finne eit tydlegare regelverk som kan redusera bruken av slike omtaler, seier Toppe i Politisk kvarter.

Komiteens medlemmar frå Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, stil seg bak at det er naudsynt å endre regelverket. I går vart partia samde i Stortinget om eit vedtaksforslag som vil avgrensa vinspaltene i avisene.

Avgrensar ytringsfridommen

– Alkohol er ein lovleg omsett vare og er dermed ikkje ulovleg å omtale i norske medium, seier generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen.

Han meiner at forslaget til komiteen om å endre regelverket vil regulera pressen sin fridom, men dette er Toppe ueinig i.

– Eg seier ikkje at me skal innskrenka ytringsfridommen, men at ein går inn og ser på regelverket om det er mogleg å ha eit anna regelverk, seier ho.

Arne Jensen, gen.sekr. i Norsk redaktørforening

KRITISK: Generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen reagerer på politikarane sitt vedtaksforslag om å avgrensa vinspaltene i avisene.

Foto: Marit Hverven / NRK

Dette får Jensen til å reagere og han meiner at Toppe snakkar mot seg sjølv. På den eine sida seier ho at det sjølvsagt skal vera fridom for pressen, men på den andre sida så må politikarane sjå på regelverket om det er noko dei kan endre.

– Dermed er ho allereie innpå eit område der politikarane ikkje skal vera, nemleg spørsmålet om å detaljregulera kva frie medium skal skrive om, seier han.

Samanliknar vinomtale med tekstreklame

Det blir for enkelt å seie at dette ikkje omhandlar reklame, seier Toppe som meiner at vinomtala i norsk presse er ein form for tekstreklame.

– Når Kjersti Toppe snakkar om tekstreklame så må ho snakke med betre kunnskap, svarar Jensen.

Sveinung Stensland, medlem i helsekomiteen for Høgre, meiner det er ille at politikarane er villige til å til å gå til slike skritt.

– Denne saka handlar ikkje om avgrensing av alkoholomtale i media, den handlar om avgrensing av medienes frie rolle. Dette er eit åtak på presse- og ytringsfridomen.

Han påpeiker vidare at tekstreklame er betalt. Vinimportørar betalar ikkje for omtala og seier at vinomtale ikkje er reklame etter punkt. 2.6 i Vær Varsam plakaten.

– Det er eit sylskarpt skilje mellom betalt kommunikasjon, altså reklame, og redaksjonell omtale, seier Jensen.

Han legg også til at det er ulovleg å politisk reklame på TV, men at det er snakk om politikk på TV heile tida.

Det vil uansett vera vanskeleg å få gjennom eit slikt vedtak avsluttar Jensen med å seie.

– Eg trur ikkje ein klarar å få det til utan å bryte mot grunnlovens paragraf 100 og Den europeiske menneskerettsdomstol. Art 19 om ytringsfridom, seier Jensen.

Kulturstrøm

  • Voldsomme reaksjoner på dansk Eurovision-artist

    Danmarks Eurovision-håp, artisten Saba, forteller at hun har vurdert å trekke seg etter kraftige reaksjoner på at hun deltar i den europeiske finalen.

    Reaksjonene kommer i forbindelse med Israels omdiskuterte deltakelse i Eurovision samtidig med krigføring på Gazastripen.

    Anna Saba Lykke sier til Ekstra Bladet at hun har bearbeidet opplevelsen med psykolog, og at hun nå har valgt å stenge alle sine sosiale medier etter kraftige oppfordringer om at hun bør trekke seg.

    Saba mener det er viktig for mangfold og representasjon at hun deltar. Hun har vært åpen om at hun er skeiv, adoptert og har utfordringer med psykisk helse.

    Hun er også blant artistene som har underskrevet oppropet om fred og våpenhvile i Gaza.

    Den danske sangeren Saba, Anna Saba Lykke.
    Foto: Ida Marie Odgaard / AP
  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)