Hopp til innhold

Politiet kastar skinnjakka

I 20 år har vi vore vant til å sjå politiet i skinnjakke nå dei patruljerer i gatene. Nå blir heile politikorpset kledd om, og skinnjakka blir historie.

Heile politikorpset får nye uniformar

KASTAR JAKKA: Politibetjent i Oslo, Monica Svenningsen kastar skinnjakka. Nå får politiet nye uniformer.

Dei nye politijakkene blei lufta for første på Egertorget i Oslo sentrum i dag. Politibetjent Andreas Øvland er blant dei som har tredd på seg den nye politijakka. Den erstattar den gamle skinnjakka, som politiet har gått med i 20 år.

– Føler du deg meir moteriktig nå?

– Vi i politiet er ikkje så opptekne av det, men det følest mykje betre, seier politibetjent Andreas Øvland.

Politibetjent Monica Svenningsen er einig i at den nye jakka fungerer bra.

– Eg treivst for så vidt godt i skinnjakka, men etter å ha prøvd den nye jakka, så ser eg at den er mykje betre tilpassa, seier politibetjent Monica Svenningsen.

Andreas Øvland, Monica Svenningsen

NY OG GAMMAL: Politibetjentane Andreas Øvland og Monica Svenningsen viser fram den nye og den gamle politiuniforma.

Foto: Jorunn Hatling

Oslopolitiet er dei første som ikler seg den nye jakka, som snart alle landets politifolk skal bruke heretter. Tilfeldig forbipasserande på Karl Johan ser ut til å like den nye politiuniforma.

– Eg syns dei ser veldig bra ut faktisk, eg liker at det er ein blanding av gult, kvitt og svart, seier Eirik Rogstad.

– Dei er fine, men eg ser ikkje så stor forskjell, seier Truls Bråthen.

– Nøytrale og tidlause

Politiet i nye uniformer

I NY MUNDUR: Oslos politibetjentar, saman med politidirektør Odd Reidar Humlegård, luftar dei nye uniformene i Oslo sentrum.

Foto: Patrick da Silva Saether

Politidirektør Odd Reidar Humlegård meiner fornyinga av politiuniformane er heilt nødvendig.

– Når våre medarbeidarar jobbar døgnet rundt, i heile landet, sommar og vinter, så må ein ha funksjonelt tøy. Det betyr mykje at ein er tørr, varm og bekvem, seier politidirektør Odd Reidar Humlegård.

– Kva terningkast vil du gje den nye uniforma?

– Den fortener terningkast seks, seier Humlegård.

Det er stor spenning blant politiet når moteredaktøren i bladet KK kjem for å vurdere dei nye uniformene.

– Eg syns dei ser veldig reine og funksjonelle ut. Dei er nøytrale og tidlause, samstundes som dei er autoritære, seier KKs moteredaktør Stine Therese Strand.

Moteredaktør i KK

MOTEDOMMEN: Moteredaktør i KK gjer dei nye politiuniformene terningkast seks.

Foto: Jorunn Hatling

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.