Hopp til innhold

Paul McCartney donerer private fotografi til britisk museum

Beatles-legenda gir vekk 63 fotografi tatt av kona Linda McCartney i høve opninga av London-museumet V&A sitt nye fotosenter i oktober. Sjå åtte av bilda her.

The Beatles

«The Beatles» heime hos manageren Brian Epstein for å feire albumslipp for plata Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band.

Foto: Linda McCartney / 1967 Paul McCartney

Linda Eastman var ein framgangsrik fotograf før ho møtte og gifta seg med Paul McCartney. I 1968 vart ho den første kvinna til å få bildet sitt på framsida av magasinet Rolling Stone.

Linda McCartney

Portrett av Linda McCartney frå 1969.

Foto: Paul McCartney / 1969 Paul McCartney

Linda McCartney vaks opp i New York City og begynte fotografkarriera som redaksjonsassistent for Town & Country magazine. Ho møtte Paul McCartney for første gong under ein fotoseanse i London i 1967. Paret gifta seg i 1969, eit år før «The Beatles» gjekk i oppløysing.

Paul og Mary. Scotland. 1970

Paul McCartney og dottera Mary. Bildet vart brukt som albumcover på soloplata McCartney frå 1970.

Foto: Linda McCartney / 1970 Paul McCartney

Mykje tydar på at artisten Kanye West let seg inspirere av det ikoniske bildet av McCartney og dottera då han spelte inn musikkvideoen til songen «Only One» i 2015. Paul McCartney spelar også keyboard under innspelinga av låta.

Jimmy Hendrix 1968

Linda tok dette bildet av 25 år gamle Jimi Hendrix i 1968.

Foto: Linda McCartney / 1968 Paul McCartney
Paul, Stella and James. Scotland, 1982

Paul McCartney poserer for kona medan han balanserer på eit gjerde i badekåpe. Bildet er tatt på ein ferietur i Skotland i 1982. På bildet kan vi også sjå to av barna deira Stella (10) og James (4).

Foto: Linda McCartney / 1982 Paul McCartney

Paul og Linda fekk tre born saman: Mary, Stella og James. Linda hadde også dottera Heather frå eit tidlegare forhold.

Mary Syssex 1994

Mary McCartney. Sussex, 1994.

Foto: Linda McCartney / 1994 Paul McCartney
Stella. Arizona 1994

Stella McCartney. Arizona, 1994.

Foto: Linda McCartney / 1994 Paul McCartney

Linda McCartney tok desse to portretta av døtrene sine Stella og Mary i 1994. Året etter fekk Linda diagnosen brystkreft. Ho døde av sjukdomen i 1998, 56 år gammal.

Untitled Polaroid
Foto: Linda McCartney / Paul McCartney

Linda McCartney was a talented eye-witness of pop culture and explored many creative approaches to artistic photography. Her camera also captured tender moments with her family. Our greatest thanks go to Sir Paul McCartney and his family for this incredibly generous gift.

Martin Barnes, Senior Curator of Photographs at the V&A

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.