Eit nyttig produkt?
Slik ser korga til Georg ut.
Det er ingen tvil om at dei har funne opp nyttige produkt. Dei fleste småbarnsforeldre har opplevd kor vanskeleg det er å ha med barnevogn i butikk. Handlevogna til Ronny kan koplast på barnevogna, slik at den enkelt kan trillast rundt i butikken, og det er god plass til varene du skal handle.
Dei første opptaka til denne dokumentaren skjedde allereie vinteren 2001, då jobba dei to saman. Georg er arkitekt, og vart henta inn som formgjevar i Ronny sitt selskap, for å betre utsjånaden på vogna. Men så skar samarbeidet seg, og etter ein juridisk strid – med store advokatutgifter på begge sider – gjekk dei kvar sin veg.
Har marknaden plass til meir enn eitt av produkta?
Og slik er korga i bruk.
Georg fann deretter opp eit nytt produkt, som han er sikker på vil utkonkurrere Ronny si vogn: Ei korg som kan festast til handtaket på dei fleste barnevogner, og som er enkel å ta på og av.
Vi følgjer dei på vegen frå ide til ferdig produkt, gjennom oppturar og nedturar, i strevet mot målet: Masseproduksjon og det store publikum. Men har marknaden plass til meir enn eitt av produkta?
Ein møysommeleg og hemmeleg prosess
Det spesielle med dette programmet, i tillegg til at det har teke lang tid å lage, er at ingen av dei to oppfinnarane veit kva den andre har sagt undervegs. Avtalen var heilt klar: Det Ronny har fortalt, får ikkje Georg vite– og omvendt, før dette programmet gjekk på lufta.
Patent på vent. Eit kappløp om publikum, pengar og prestisje
Ein radiodokumentar av Rune Bjåstad.
Teknisk regi: Wenche Ødegaard.
Konsulent: Gyrid Listuen.
NRK P2 laurdag 6. mars kl 10:15,
reprise søndag 7. mars kl 19:30.