Hopp til innhold

Kosher og kotelettar

Anna og Rakel er dei einaste gjenlevande av ei familie på 11, men dei har ikkje møttest på fleire år, endå dei bur i same by. Dei er jødar. Dei overlevde begge krigen ved å flykte til Sverige. Sidan har dei gått kvar sin veg. Anna har halde på dei jødiske tradisjonane. Rakel har aldri vore i synagoga etter at ho gifta seg med ein nordmann. Kva skjer i ein familie når nokon vel å ”bli norsk” i forhold til dei som held på tradisjonane frå heimlandet?

Gud & Mammon A/S

(Sunnmørsposten. Foto: Sigbjørn Vedeld)Kvar morgon startar investeringsselskapet God Invest AS arbeidsdagen med bøn og bibellesing. Men så er det ikkje noko vanleg investeringsselskap heller: Her må ein vere kristen for å få lov til å kjøpe aksjar. Frå juni 1999 til no har God Invest AS fått inn omlag 17 millionar kroner i aksjekapital frå kristne over heile landet. Selskapet må stadig utvide aksjekapitalen på grunn av den store etterspurnaden etter å få investere. Men er det ei så trygg investering som selskapet vil ha det til?