Hopp til innhold

Kosher og kotelettar

Anna og Rakel er dei einaste gjenlevande av ei familie på 11, men dei har ikkje møttest på fleire år, endå dei bur i same by. Dei er jødar. Dei overlevde begge krigen ved å flykte til Sverige. Sidan har dei gått kvar sin veg. Anna har halde på dei jødiske tradisjonane. Rakel har aldri vore i synagoga etter at ho gifta seg med ein nordmann. Kva skjer i ein familie når nokon vel å ”bli norsk” i forhold til dei som held på tradisjonane frå heimlandet?

Hør Rune Bjåstads "Kosher og koteletter".

Anna forstår ikkje korleis Rakel kan ha gløymt sin jødiske arv. Og Rakel er lei alt gnålet om gamle dagar, ho synest det er betre å halde seg borte. Går det an å forstå kva som har gjort dei to systrene så ulike? Bakgrunnen deira er lik, dei vaks opp som born av ortodokse jødar som kom hit til landet frå Litauen i 1905. Først budde dei i Oslo, men etter kvart som familien vart større, fekk dei behov for meir plass. Faren var skomakar og tok med seg verkstaden, kone og barn til Ås, der dei til slutt vart ni søsken.

I denne dokumentaren møter programskaparen si eiga historie og sin eigen identitet. Rakel er mormora hans, og etter jødisk lov er han difor jøde. Men sidan han har vakse opp i den norske delen av slekta, har det vorte mykje kotelettar og lite kosher (jødisk mat). Etter kvart har han vorte meir og meir nysgjerrig på den jødiske delen av opphavet sitt, og dette programmet er ein del av den leitinga. Målet var også å prøve å forstå noko av det som skjer i dagens innvandrarmiljø, når ein veks opp med eit bein i den norske kulturen og eit bein i foreldra sin kultur. Kva skjer i ein familie når nokon vel å "bli norsk" i forhold til dei som held på tradisjonane frå heimlandet?

På familliebildet frå venstre: Cecilie, Benjamin, Filip, Leopold, Tina Tamara, Ida, mormor Rakel, Hermann, Anna og Georg. Bildet er tatt av det 9. barnet i familien, Samuel, på midten av 1930-tallet.

Kosher og kotelettar

Ein radiodokumentar om å leve med ein jødisk arv.

Av Rune Bjåstad.

Eli Kyrkjebø.

Konsulent: Gyrid Listuen.

Sendes i NRK P2 lørdag 24. desember kl 10.15,

reprise søndag 25. desember kl 19.30.

Første gang sendt i mars i 2000.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.