Hopp til innhold

Pål Sverre Hagen kjenner seg igjen i Leif i Valkyrien

Pål Sverre Hagen trur mange kjenner seg igjen i rollefiguren Leif i TV-serien «Valkyrien». For Leif førebur seg på katastrofar. Sjølv har Pål Sverre Hagen også førebudd seg på kriser.

Pål Sverre Hagen i NRK-serien «Valkyrien»

LEIF: Pål Sverre Hagen spelar Leif.

Foto: ERIK AAVATSMARK/TORDENFILM

Smale trapper ned mange meter under jorda. Ned til skitt, støv, støy og kulde. Dette er hjartet i TV-serien Valkyrien. Pål Sverre Hagen er tilbake på den nedlagde Valkyrien stasjon i Oslo der rollekarakteren hans Leif regjerer. Plutseleg fer ei T-bane forbi på veg til Majorstua stasjon.

– Ja, eg trur at dette er den verda han har kontroll over. Eg trur kanskje ikkje han føler at han har like god kontroll over det som går føre seg på overflata, seier Pål Sverre Hagen.

Han har rolla som Leif i TV-serien Valkyrien og kjenner seg igjen. Leif forebur seg på katastrofer og kriser. Det er menneskeleg, meiner Pål Sverre Hagen .

Mørk rolle

– Leif er jo ein slik liten småkonge. Eg har gjort mange verkeleg tvilsame roller og karakterar i mi karriere. Leif er skummel på ein litt snedig måte. Dei tinga han seier om verda, de kan vi jo mange vere einige i. Verda er sårbar, seier Pål Sverre Hagen.

Leif er ein såkalla «Doomsday preppar». Han har ansvaret for teknisk beredskap i Oslo og tenkjer på katastrofar som kan hende.

– Frykt er eit snedig menneskeleg instinkt som har heldt oss i live som art i tusenvis av år, seier han. Han meiner det er viktig å bli einig med si eiga frykt om kva det er viktig å vera redde for.

Valkyrien stasjon

NEDLAGT: Her på den nedlagde stasjonen går handlinga føre seg

Foto: Elin Martinsen / NRK

Kjenner seg igjen i Leif

Leif tenkjer på verdas kollaps. Pål Sverre Hagen meiner mange kan kjenne seg igjen i nokre av hans tankar. Det er noko allmennmenneskeleg ved å førebu seg på dårlege tider, meiner han.

Visse ting kjenner eg absolutt igjen. Verdsutviklinga er bekymringsfull. Det er mange ting me må løyse, seier han.
– Eg trur at det er ein veldig god ide at me alle skal ha mat, vatn og varme til å halde familien i live i tre døgn – men eg vet ikkje om alle skal bygge ein bunkers i hagen og fokusere på at alt kan gå gale.

Valkyrien

TV-SERIE: Meir enn 800.000 såg premieren på Valkyrien.

Foto: Erik Aavatsmark / Tordenfilm

Preppar for tre døgn

Men preppar du?

– Preppar litt. Trur at eg skal greie å halde gjengen min i live i tre døgn i alle fall.

Han seier det er grense for kor mykje hermetikk dei kan lagra før det blir sosialt uakseptabelt. Sjølv har han førebudd seg på kva som skjer om det ikkje er vatn eller straum.

Korleis førebudde du deg på rolla?

– Det å prøve å gå inn i eit slikt konspirasjonsteori-landskap har vore interessant for meg. Internett er ein god kjelde til eit slikt tankegods. Eg har googla mykje, fortel Pål Sverre Hagen.

Sjå TV-serien her

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.