Hopp til innhold
Anmeldelse

På veg mot solnedgangen

Heltane er slitne i denne novellesamlinga. Men forfattaren held koken.

Levi Henriksen

Levi Henriksen tek oss nok ein gong med til Skogli. Same stad, nye historier.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

Levi Henriksen, forfattaren som har gitt liv til små hedmarksbygder, fargerike pinsevener og solid sentimentalitet, let heltane ri mot solnedgangen i årets novellesamling: «Jern & metall». Trass i at gjennomsnittsalderen ligg rundt 60, herjar døden eller alzheimeren i dei fleste novellene. Levealderen i Henriksen-bygda Skogli er urovekkjande låg.

Gjere godt

Det kan eg leve godt med. Døden kler dette forfattarskapet. Jula likeins; Henriksen har bak seg to novellesamlingar som berre handlar om jul, og i «Jern & metall» byd han på ei lita handfull julenoveller til. Levi Henriksen søkjer stadig inn mot dei store kjenslene: sorg, sakn, tap. Men også mot evna folk har til å trøyste seg sjølv og andre, overvinne smerte og gjerne overgå seg sjølv i kampen for å skape magiske stunder og leveleg liv trass alt. Slike tapre historier blir ekstra sterke når tapet er døden eller når tida er jul. Eller begge deler. Slik sett er novella «Plutselig i desember» eksemplarisk:

Ein ambulansesjåfør og enkemann tilbyr seg å jobbe julekvelden så kollegaene med små barn kan vere heime. I løpet av natta tek han mot eit lite barn: Eit ungt par, flyktningar, nådde ikkje fram til sjukehuset før tida kom då ho skulle føde. Eitt barn i ein stall, eit anna i ein bil. Begge langt heimanfrå. Gleda til den sørgjande ambulansesjåføren. Og lesaren.

Velbalansert sentimentalitet

Henriksen balanserer på stram line. Sentimentalitet er ein vanskeleg ingrediens i litteraturen: Litt for mykje, og teksten blir svulstig mens lesaren melder seg ut. Under lesinga av «Jern & metall» blir eg gong på gong imponert over kor langt ut forfattaren kan gå utan å ta overbalanse.

Det som innimellom skurrar, er noko anna: Her og der snik det seg inn ein litt belærande tone. Uskuldige novellepersonar blir sett til å målbere noko som kanskje er forfattaren sine meiningar, kanskje ikkje, men som uansett ikkje ligg heilt godt i munnen på dei som uttaler seg. Det kan vere proletar-talen til jernbindaren Esekiel, det kan vere spark til Facebook eller til skravleklassen som undervurderer vanlege folk.

Men dei aller fleste novellene i samlinga har det høge nivået ein skal vente seg frå Henriksen: godt teikna typar som har vore ute ein vinterdag før, ei historie der informasjonane er økonomisert med så det er att nok til ein skikkeleg pønsj på slutten, og ein julebodskap som varer året rundt.

Passar for deg som:

  • har sansen for kombinasjonen kjærleik, død og jul
  • trivst i Skogli

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters