Hopp til innhold

Om HBO-serie: – Trur den kan få fleire til å vere opne om hiv

Jens Harald Älgenäs Eliassen var ein av dei fyrste nordmennene som fekk hiv. Han meiner HBO-serien «It’s a Sin» kan bryte fordommar og tabu rundt sjukdommen.

Jens Harald Älgenäs Eliassen. Han ble smitta av Hiv i 1983, overlevde og er i dag godt gift med barn og barnebarn. OG Styreleiar i HivNorge.

Jens Harald Älgenäs Eliassen. Han vart smitta av hiv i 1983, men overlevde.

Foto: Jens Sølvberg

I HBO-serien «It’s a Sin» blir vi kjent med hovudkarakteren Richie og vennegjengen hans.

Dei lever eit bekymringslaust og seksuelt frigjort liv i London før hivepidemien skyl over dei. Den gongen betydde det å få hiv det same som døden.

Serien har blitt hylla i både nasjonale og internasjonale medium for å vise eit realistisk bilde på hiv-epidemien på 80-talet.

– Eg har sett den to gongar og har fått totalt gråtesamanbrot begge gongane. Den viser på ein veldig vakker måte korleis det var, seier Jens Harald Älgenäs Eliassen.

Han veit kva han snakkar om. For han var blant dei fyrste nordmennene som fekk hiv.

Det skjedde i USA i 1983 der han levde som motedesignar.

– Plutseleg byrja eg å bli sjuk med feber, nattsveitte og hovne lymfeknutar. Eg gjekk drastisk ned i vekt, fortel han.

It's a sin

I serien «It’s a Sin» lærer vi om hivepidemien, korleis unge menneske vart råka og kva haldningar storsamfunnet hadde.

Foto: HBO Nordic

– Eit helvete å gå i gravferder

Akkurat som karakterane i serien drakk han urin i håp om at det ville ta knekken på viruset, han vart sparka frå jobben, og han opplevde at fleire av venane hans vart sjuke og døydde.

Han brukte mykje tid på sjukehus og i gravferder.

– Det var eit helvete å gå i gravferdene. Men det vart også eit kameraderi rundt det. Det var ein kvardag fylt med venskap og død.

Derfor meiner han det er viktig å bli minna på det som skjedde.

– Det er viktig at vi får historia, og ser korleis det var.

– Det er også veldig få som meg som vågar å snakke om hiv offentleg, og derfor har ikkje folk eit fjes å knyte det opp til. Eg trur denne serien kan bidra til å få fleire til å vere opne, seier han.

Forslag om å tatovere «hiv» i lysken

Etter kvart kom han heim til Noreg, og byrja å jobbe for at hivpositive skulle få tilgang til gratis alternativ behandling.

Med det vart han eit ansikt utad for hivpositive. Det var ikkje alltid like enkelt.

Den tida var det knytt mykje stigma og fordommar rundt det å ha hiv, fortel Arne Walderhaug.

Arne Walderhaug

Arne Walderhaug, tidlegare redaktør i Blikk på 90-talet. Bildet er frå 2004.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Det var politikarar og helsetoppar som meinte at hivpositive burde bli sendt til Bjørnøya, eller at ein skulle tatovere «hiv» i lysken, seier han.

På 90-talet var han redaktør i magasinet Blikk som er rekna som det eldste skeive magasinet i Norden.

Sjølv om fåtalet ville bli assosiert med ein som hadde hiv, og nedlatande og moralistiske haldingar verserte i samfunnet var det også nokre ljospunkt.

– Det vart skrive mykje om homoseksualitet, sidan det var menn som hadde sex med menn som vart ramma hardast av dette.

– Det bringa situasjonen for lesbiske fram i ljoset. Det bidrog til ei større openheit rundt homoseksualitet, legg han til.

– Viktig å minnast

Anne-Karin Kolstad, generalsekretær i HivNorge, understrekar at helsemyndigheitene og helsepersonellet i Noreg hadde ein mykje meir human behandling samanlikna med mange andre land.

Anne-Karin Kolstad, generalsekretær i HivNorge.

Anne-Karin Kolstad, generalsekretær i HivNorge.

Foto: Reidar Engesbak

Trass i det er det framleis fordommar om hiv-pasientar.

– Det er framleis stigmatiserande å leve med hiv, og det har med at dei fleste i landet ikkje har fått med seg den fantastiske medisinske utviklinga som gjer at alle er smittefrie og lever som alle andre.

I dag kan ein hivpositiv som er i behandling ha ubeskytta sex utan å smitte, ein kan føde utan å smitte barnet sitt og dei som er mest risikoutsett kan gå på førebyggande preparat.

Av den grunn meiner Kolstad at seriar som «It’s a sin» er viktig for å minnast det som var, og for å bryte fordommar.

– Og så kan ein igjen få eit fokus på korleis det er å leve med hiv i dag, og at vi får med den fantastiske utviklinga vi har hatt og at det blir eit tema også framover.

Har oppfylt draumen sin

Jens Harald klarte å halde seg frisk i 14 år, men utvikla til slutt aids og var i ferd med å døy.

Heldigvis hadde då medisinen akkurat kome, og redda med det livet hans.

I dag er han eit forbilde for mange hivpositive.

Han er også styreleiar i HivNorge, og fortel at denne serien har skapt mykje engasjement.

– Vi har aldri hatt eit så enormt trykk i HivNorge som det denne serien har skapt, seier han.

Jens Harald Älgenäs Eliassen og hans mann Sune Älgenäs Eliassen og deira hund Indija.

Jens Harald Älgenäs Eliassen og mannen hans Sune Älgenäs Eliassen og deira hund Indija.

Foto: Jens Sølvberg

I tillegg har han fått oppfylt draumen sin om eit vanleg liv med mann og barn og barnebarn.

– Eg har alltid hatt drøymt om ha eit lite barn som spring rundt og roper bestefar. Og det har eg, via min mann, fått. Seks stykkar, avsluttar han.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters