Hopp til innhold

Humorforskar om satire: – Vil setje ting på dagsorden

Christian Mikkelsen er klar som programleiar for eit helt nytt satireprogram. Satire og humor er spesielt viktig når verdssituasjonen er slik den er nå, ifølgje humorforskar.

Christian Mikkelsen smiler mot kamera.

Christian Mikkelsen er gler seg til å tre inn i programleiar-rolla.

Foto: Jonas Jeremiassen Tomter / NRK

Det nye programmet heiter «Nytt på Nytt Quiz» og tar over for «Nytt på Nytt» når dei tar sommarferie.

Det sistnemnte programmet har akkurat hatt 25 års jubileum og har vore ein kjempesuksess.

Elisabeth Norman og Leo Kant er begge psykologar. Norman er professor ved Universitetet i Bergen, Kant er seniorkonsulent ved AFF.

Dei har dei siste åra via delar av forskinga si til humor.

– Vi treng humor for å regulere følelsane våre. For å behalde motivasjonen, optimismen og roa, seier Elisabeth Norman.

– Og for å ikkje bli gal, skyt Leo Kant inn og ler.

Leo Kant smiler mot kamera.

Psykolog Leo Kant fortel at den gode satiren kan fungere som «realitycheck».

Foto: Privat

Tøysete veslebror

Christian Mikkelsen er klar til å gi det norske folk meir latter på fredagskvelden.

I det nye programmet skal han køyre nyheitsquiz på komikarar for å sjå kva dei faktisk har fått med seg.

– Eg likar å tenke på at vi er ein slags vikar, ein tøysete veslebror som har fått lov til å låne studioet når det står tomt, seier Christian Mikkelsen.

Den ferske programleiaren fortel vidare at DNA´et i «Nytt på Nytt» blir tatt vare på i form av vitsar og satire om aktuelle hendingar.

– Samtidig er det eit litt kjappare format. Her er det ingen statsrådar eller forfattarar med, her er det komikarar som må forsøke å svare så morosamt som dei berre kan, fortel han.

Christian Mikkelsen i forbindelse med Nytt på Nytt Quiz der han quizar fire komikarar om aktuelle saker frå vek som har gått.

Christian Mikkelsen saman med panelet i det nye programmet.

Foto: Jonas Jeremiassen Tomter / NRK

Umetteleg behov

«Nytt på Nytt» har heldt på i 25 år og med sjåartal litt under ein million i veka. Så kva er det som gjør at nordmenn er så glad i satire?

Det har humorforskarane svaret på.

Satire er å spøke rundt alvorlege tema, og på den måten belyse feil, manglar, dumskap eller haldningar om eit bestemt fenomen eller idé. Satire er ofte brukt til å slå oppover, altså blir satire ofte brukt for å rette makt- og samfunnskritikk, seier Leo Kant.

I tillegg har satiren tre funksjonar. Å underhalde. Å informere. Å overtale.

Program som «Nytt på Nytt» klarer å inkludere alle tre.

Galgenhumor

– I løpet av ei veke blir vi utsett for nyheiter som kan vere deprimerande, stressande og skremmande. Med eit program som «Nytt på Nytt» set vi oss ned med raudvinen vår, og kan både le og grøsse av nyheitene det blir tøysa om, seier Norman og legg til:

– Det kan vere ei form for galgenhumor. For det er når vi står opp i noko forferdeleg at vi treng å le.

nytt på nytt 03.11 stemningsbilde 02 NRK TV

Komikar Isalill Kolpus og gjest Gina Gylver i «Nytt på Nytt» førre sesong.

Særleg når verdssituasjonen er som den er nå for tida, treng vi hjelp til å fordøye dei vanskelege tinga, ifølgje Leo Kant.

– Og samstundes treng vi å ta pause frå dei. Nyheitssatire kan på ein god dag fylle begge desse funksjonane, understrekar han.

I tillegg til at nyheitssatire hjelper oss å handtere vanskeleg tema med humor, så har den også ein informativ verdi ved å engasjere og halde oss oppdaterte, i kvart fall med det vesle utvalet av tema som blir fleipa med.

Elementet overtaling kjem i form av at komikarane har ei meining og ein agenda som dei formidlar ut til dei store massane.

– Gitt satiren sin kritiske natur, vil eit einskilt satirisk utsegn nær sagt aldri vere 100 % nøytralt, legg Norman til.

Elisabeth Norman smiler mot kamera.

Psykolog Elisabeth Norman har forska på kva det er som får oss til å le.

Foto: Privat

Setje dagsorden

Men kva skil eigentleg god satire frå dårleg satire?

– Intelligent satire vil setje ting på dagsorden, og kan bidra med å påverke opinionen, seier Norman.

Kant beskriv den beste satiren til å vere den som viser absurditeten i det vi per dags dato har akseptert som ein normalitet.

– Da kan nettopp den gode satiren vere ein slags «realitycheck». Akkurat som guten i «Keisarens nye klede», seier han.

I motsett fall, om ein går laus på ein enkeltpersons framtoning eller språk blir det fort slemt og lite konstruktiv.

– Den dårlege satiren er den som ikkje klarer å vere morosam, fordi den tar i for lite eller for mykje. Altså blir den for tam som ein vits, eller så brutal og fornedrande at fleipinga fyrst og fremst blir kritikk, og ikkje humor, legg Kant til.

Amalie Stuve, Kevin Kildal, Kristine Grændsen og Mats Eldøen blir quiza i det nye humorprogrammet Nytt på Nytt Quiz.

Amalie Stuve, Kevin Kildal, Kristine Grændsen og Mats Eldøen er blant komikarane som skal vere med i «Nytt på Nytt Quiz».

Foto: Jonas Jeremiassen Tomter / NRK

Tøyse og ha det gøy

Christian Mikkelsen, som for fyrste gong trer inn i rolla som programleiar når han skal leie «Nytt på Nytt Quiz», håpar at publikum vil setje pris på humoren.

– Vi har eit stort mangfald av komikarar som vil spele på sine styrkar som humoristar, det vere seg frå standup, improvisasjon eller andre ting, seier han.

Han har blant anna fått med seg; Calle Hellevang-Larsen, Amalie Stuve, St. Sunniva og Kristine Grændsen for å nemne nokre.

Målet er å belyse vekeaktuelle hendingar med humor, og gjerne sette ting på spissen og skape nye perspektiv for folk.

– Men fyrst og fremst er vi ute etter å tøyse og ha det gøy, samtidig som vi kanskje også blir litt smartare på vegen!

«Nytt på Nytt Quiz» har premiere fredag 3. mai.

null
Spiller nå
«Norm of the Nipple» 02:24
Neste

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP