- Eg har jo gått svanger med nokre av desse tankane veldig lenge. Det er deilig å få sleppa albumet no, seier Morten Harket.
På vent
Det er 13 år sidan Harket gav ut soloalbumet "Wild Seed", som toppa hitlistene i 6 veker.
- Det er berre rart å sjå tilbake på at det er heile 13 år sidan eg gjorde "Wild Seed", seier Harket.
Han fortel at soloprosjektet vart lagt på vent grunna at A-ha har teke opp mesteparten av tida hans dei seinare åra.
SJÅ
Utselde konsertar
Samstundes med lanseringa av plata, spelar Morten tre utselte konsertar saman med A-ha kollegaene Magne Furuholmen og Pål Waaktaar-Savoy på Rockefeller.
I utgangspunktet opptrer ikkje A-ha som band desse kveldane, men det blir tre solokonsertar frå kvar og ein av dei. Men det er ikkje utenkjeleg at det trillar ut nokre A-ha låtar på tampen av showet.
- Det kan eg ikkje svara på, seier Morten med eit lurt smilt rundt munnen, når han får spørsmål frå NRK om me får sjå A-ha ilag på scena.
LES OGSÅ: