Hopp til innhold

Morten Harket: – Eg er så lei meg

Morten Harket har fått halsbetennelse og den etterlengta konserten i Oslo Spektrum laurdag kveld er avlyst.

Morten Harket

GJEKK BRA FREDAG: Morten Harket var i god form under konserten i Oslo Spektrum fredag. Laurdag ettermiddag la han ut ein video på Instagram der han ba om orsaking.

Foto: Instagram / NTB

– Eg er så lei meg for at vi ikkje klarte å få dette til i kveld, seier Morten Harket i ein video på Instagram laurdag ettermiddag.

Bandet informerte laurdag om at konserten i Oslo Spektrum laurdag kveld var avlyst.

– Vi er lei oss for å måtte informere om at vi må avlyse konserten i kveld fordi Morten har blitt diagnostisert med halsbetennelse og må roe ned stemma, skriv bandet på Instagram.ans

På grunn av pandemien har denne konserten vore utsett i to år, og mange tusen publikummarar hadde gleda seg til å sjå popheltane på scena igjen.

Magne Furuholmen fortel på Instagram at det er andre gongen på 40 år at han har vore nøydd til å avlyse ein konsert.

– Men det hjelper ikkje deg som hadde billettar til i kveld, særleg dei som har reist langt for å kome til oss, skriv Furuholmen.

Han forsikrar om at Paal Waaktaar-Savoy og han var klare for konserten.

– No druknar vi sorgene våre bak scena med for mykje øl. Det hjelper ikkje, men kva skal eg gjere, spør Furuholmen.

Blant dei er Elen Siglen og Kristin Klette frå Bergen. Saman med venninnegjengen var dei klar ei etterlengta konsertoppleving.

Elen Siglen og Kristin Klette frå Bergen er to av dei mange tusen som hadde gleda seg til A-ha-konsert laurdag kveld.

Foto: Privat

Blant dei som hadde reist langt for å sjå A-ha, er Elen Siglen og Kristin Klette frå Bergen. Saman med venninnegjengen var dei klar ei etterlengta konsertoppleving.

– Vi blei veldig lei oss, dette var veldig synd. Vi hadde gleda oss kjempelenge, fortel Elen og Kristin.

Dei hadde planlagt jenteturen lenge, og trur nok dei uansett skal få ei fin helg i Oslo.

– Men A-ha-konserten skulle vere krona på verket.

Den første konserten fredag kveld, var ein stor suksess, blant anna med full allsong på «Hunting High and Low».

– Vær så snill å hold på billettane dykkar. Vi vil kome med meir informasjon så raskt som råd er, skriv bandet på Instagram.

Fans fra Italia, Jennifer MacFarland frå London.

Jennifer MacFarland frå London stod bak Oslo Spektrum i håp om å få eit glimt av bandet på veg inn. Ho var skuffa over avlysinga, men forstår jo kvifor når Morten Harket er sjuk.

Foto: Karl Biehl / NRK

Fans frå heile Europa har tatt turen til Oslo for å sjå A-ha denne helga, og mange av dei fekk sjå bandet live fredag kveld.

Men likevel var det ein tøff beskjed å få at Morten Harket har fått halsbetennelse.

– Men vi kan jo ikkje gardere oss mot sjukdom, men det er klart, eg er jo litt skuffa, seier Jennifer MacFarland frå London.

A-ha sin manager, Harald Wiik, skriv i ein e-post til NRK at dei i første omgang prøver å finne ein ny konsertdato.

– Dersom det ikkje er mogleg, vil billettane bli refundert. Det blir også mogleg å få refundert billetten dersom du ikkje ønskjer billett til ny konsert, skriv Wiik.

A-ha har eksistert siden 1982, med et par pauser på 90-tallet og 2010-tallet. Nå reiser de verden rundt, men ser hverandre sjelden.

A-ha har eksistert siden 1982, med et par pauser på 90-tallet og 2010-tallet. Nå reiser de verden rundt, men ser hverandre sjelden.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger