Hopp til innhold

– Det er med tungt hjarte vi har bestemt oss for å leggja ned Sportsrevyen

Etter over 60 år er det slutt for Sportsrevyen på NRK.

Espen Olsen Langfeldt

SLUTT: Sportsredaktør Espen Olsen Langfeldt seier det er med tungt hjarte at Sportsrevyen blir lagt ned.

Foto: Christian Breidlid / NRK

– Gjennom over 60 år har Sportsrevyen betydd enormt mykje for NRK, og for store delar av Noregs befolkning, seier sportsredaktør i NRK Espen Olsen Langfeldt.

– Vi er veldig stolte av historia til programmet og alt vi har vore med på å skapa av uforgløymelege idrettsaugeblikk gjennom fleire tiår, legg sportsredaktøren til.

Historisk

Sportsprogrammet har vore vist på TV-skjermen kvar veke sidan 1960 og er ei oppsummering av kva som har skjedd på idrettsfronten, hovudsakleg i Noreg.

Programmet blir vist søndagskveldar på NRK1 og varar vanlegvis rundt ein halvtime.

Sportsrevyen er eitt av dei eldste eksisterande TV-programma på NRK.

Den første sendinga som gjekk av stabelen 18. september i 1960 hadde Jarle Høysæter og Oddvar Foss som programleiarar.

Etter den tid har fleire kjende namn leia det historiske programmet. Blant dei Arne Scheie, Per Ståle Lønning, Karen-Marie Ellefsen, Dag Erik Pedersen og Ida Nysæter Rasch.

Espen Olsen Langfeldt

Sportsredaktøren forsikrar at det gode innhaldet i Sportsrevyen skal leva vidare.

Foto: Christian Breidlid / NRK

– Med tungt hjarte

Espen Olsen Langfeldt fortel at NRK grunna strammare økonomiske rammer er nøydde til å kutta i alle divisjonar og innhaldsmiljø.

– Difor er det med tungt hjarte at vi har bestemt oss for å leggja ned Sportsrevyen, seier han.

Sportsredaktøren forsikrar likevel at det gode innhaldet i Sportsrevyen skal leva vidare.

– Vi skal framleis fortelja dei gode historiene, visa fram breidda og vera lidenskapeleg til stades på alle plattformer – på TV, radio og nett, seier han.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska