Nowhere man Gyldendal 2004
Oversatt av Knut Ofstad
Nokon forfattarar skriv slik at ikkje eitt ord verkar tilfeldig valt. Aleksandar Hemon er ein slik forfattar. I første kapittel møter vi ein kar frå Bosnia som skal søke jobb som lærar i USA. Han må vente på å kome inn til intervju.
Frå boka
"Jeg hadde sommerfugler i magen som slet vingene av hverandre og satte tennene blodtørstig i bakkroppen på sin neste. Plenen foran Ort Institute hadde vårlige sår. Over buskene svevde en armada av knott, fortsatt øre etter lang tids slumring, mens de forsøkte å bestemme seg for hva de skulle gjøre: satse på buskenes klattvise grønnhet eller gjøre slutt på det hele ved å fly inn i en frontrute med et klask."
Bitrare meining i USA
Når sommarfuglane i magen drep kvarandre, når plenen har sår og knotten opererer i armadaer, ja då har forfattaren fått sagt at denne mannen har trøbbel - utan å seie det direkte. Slik er det heile vegen, språket sender meldingar om kva som skjer utan at det vert sagt rett ut. Vår mann hamnar etterkvart inn i eit klasserom, der han gjenkjenner Josef Pronek, ein nabo frå barndommen, og dermed er vi midt inne i historia om Josef, som gjorde stor suksess i ungdommen i eit sterkt beatlesinspirert band. I USA får tittelen "Nowhere man" ei heilt anna og bitrare meining.
Ingen tek vare på dei
Historia bevegar seg smidig over tre kontinent og over eit heilt hundreår, og det er ikkje alltid lett å vite kven som fortel og kvifor. Her kan du ikkje stole på nokon, du blir ikkje tatt i handa av ein forteljar og følgt gjennom teksten, tvert imot, du blir etterlatt heilt aleine og må prøve å orientere deg som best du kan, som ein kakerlakk på leiting etter ein stad å gøyme seg på kjøkkenet, eller som ein bosniar som har berga livet ved å dra til USA.
Slik fortel heile teksten ei eiga historie, mens den gjev til beste sørgelege og ikkje minst svært vittige historier om folk som er blitt kasta inn i ein eksistens der ingen tek vare på dei og der dei blir korrigert på ortografiske feil når dei prøver å forklare seg.
Kan le høgt
Hemon sjøl er frå Sarajevo og er no busett i USA der han skriv bøkene sine på engelsk. Han veit kva det handlar om, men dette er langt meir enn ei historie om å kjenne seg fortapt i eit framandt land, det er også ei historie om kva som skjer når grunnen under føtene gyngar, anten det kjem av krig eller annan galskap.
Og det er eitt av litteraturens herlege paradoks at du kan le høgt samstundes, om enn ikkje heile tida.
Kulturnytt, NRK P2, 3. mai 2004
Lyd og video