– Dei siste åra har forlaga fått e-postar frå personar som seier dei er forfattar på forlaget, eller representerer ein forfattar som blir gjeve ut på forlaget. Dei ber om å få manuset til ei ny bok for å sjekke om forlaget har rett versjon.
Ofte bruker dei verkelege namn med e-postadresser som liknar på den verkelege.
Metoden kan minne om phishing, som vil seie at uvedkommande prøver å fiske til seg sensitiv digital informasjon.
Forlagssjef i Aschehoug, Nora Campbell, har sjølv opplevd at namnet hennar har blitt brukt i eit forsøk på å få tak i eit manus.
Foto: Stine Friis HalsForlagssjef for skjønnlitteratur i Aschehoug, Nora Campbell, seier til NRK at dei har fått fleire slike meldingar. Ho har også opplevd at namnet hennar har blitt brukt.
– Eg opplever det som ubehageleg og ekkelt. Samtidig lurer eg veldig på kven som står bak, og kva dei eigentleg vil.
Ho seier det kan vere vanskeleg å oppdage svindelen fordi avsendarane ofte har godt språk, og verkar å ha god kjennskap til forlaget.
Vanskeleg å stoppe
Fleire av dei store forlaga i Noreg stadfestar overfor NRK at dei har fått liknande e-postar som det Aschehoug har fått.
Svindelforsøka er godt gjennomført og vanskelege å stoppe, seier forlagssjef Ingeri Engelstad i Oktober.
Foto: NRKForlaget Oktober har opplevd fleire forsøk på å få tak i manusa til Karl Ove Knausgård. Dei tok kontakt med agenten, som avkrefta at det var han som hadde sendt e-postane.
– Sjølv om vi avslører forsøka, stoppar det ikkje. Det kjem stadig nye, og ofte forbetra, forsøk, seier forlagssjef Ingeri Engelstad.
Dei mange e-postane som har gått til forlagshusa dei siste åra, har gjort at forlaga har skjerpa tryggleiken rundt manus som enno ikkje er kome ut.
– Vi har blant anna laga nye rutinar for å hindre at manus hamnar på feil hender, seier Engelstad i Oktober.
- Les:
Også Knausgårds danske forleggar, Susanne Bent Andersen i forlaget Lindhardt & Lindhof, har blitt kontakta av personar som seier dei representerer den norske forfattaren.
Ho kontakta også agenten for å få avklart at det var han og utveksla e-postar med.
– Han blei forferda, for det var ikkje han eg hadde hatt kontakt med. Heldigvis skjedde det ikkje noko. Men du får kjensla av å sitte heime med heile huset opplyst, og så står det brått nokon utanfor og ser inn, utan at du har visst det, seier ho til Danmarks Radio.
Uvisst kva som skjer med manus på avvege
Forsøka på å lure bokbransjen har ramma forlag fleire stader i verda. Blant forfattarane som har vore forsøkt brukt er John Grisham, J.K. Rowling og Jo Nesbø, skriv The New York Times.
Men bokbransjen er i villreie om kva som er formålet med forsøka er.
Bakmennene ser ut til å ha god kjennskap til forlaga, og det er gjort ein grundig jobb med å kartlegge nettverket av forlag, agentar og speidarar knytt til den enkelte forfattar.
Men søk på det mørke nettet viser at svært få stolne manus som finn vegen dit, skriv avisa.
Forlag som har blitt lurt, har heller ikkje blitt kontakta med krav om pengar for å få manusa tilbake. Trass i at eit upublisert manus kan ha stor verdi.
Advokat Hans Marius Grosvold er overraska over kor mykje innsats dei som prøver å lure forlaga har gjort.
Foto: Marte Christensen / NTB scanpixAdvokat Hans Marius Graasvold har opphavsrett som spesialfelt, og har jobba med bokbransjen i fleire år. Han har ikkje sett noko liknande.
– Eg er overraska over at folk som tilsynelatande har kunnskap om bokbransjen, og som har anstrengt seg for å skaffe seg informasjon, gjer noko slikt, seier han til NRK.
- Les:
I mellomtida går spekulasjonane både i Noreg og utlandet om kva som kan ligge bak. Alt frå russiske tryggingsagentar til filmbransjen har vore lansert som moglege bakmenn, ifølge Danmarks Radio.
Nora Campbell i Aschehoug har også ein teori.
– Det står fram for oss som om det er informasjon dei er ute etter, faktisk det å lese manus og ha kjennskap til det, meir enn vinningskriminalitet. Men dette er berre spekulasjonar frå mi side.