Hopp til innhold

Ber norsk metallfestival droppe Pantera etter naziliknande handbevegelse

Fleire europeiske festivalar har allereie kutta metallbandet frå plakaten, men ikkje norske Tons of Rock. – Djupt provoserande, seier Witch Club Satan.

Phil Anselmo

Panteravokalist Phil Anselmo under ein konsert med bandet sitt Down på den danske metallfestivalen Copenhell i 2013.

Foto: Gonzales Photo/Christian Hjorth / Gonzales Photo

– Ein handbevegelse og to ord er nok til å starte ein heil bevegelse. At dette ikkje blir dyssa ned og fortrengt er viktig.

Det seier det nyfeministiske svartmetallbandet Witch Club Satan. Dei skal sjølv spele på årets Tons of Rock og risikerer å dele scene med rockebandet Pantera.

– Det er djupt provoserande, seier trommis Johanna Holt Kleive.

No ser Witch Club Satan helst at Tons of Rock tar eit større ansvar, og det med eitt, enkelt grep:

Å fjerne Pantera frå plakaten.

Witch Club Satan

PROVOSERT: – Å sende Pantera i retur hadde vore eit tydeleg forsøk på å røske ugraset opp ved rota, og eit genuint standpunkt om at rock og metall er for alle, seier Witch Club Satan.

Foto: Roger Hennum

Ein handbevegelse og to ord

Handbevegelsen og dei to orda Witch Club Satan siktar til, kjem frå Pantera-vokalist Phil Anselmo. Den sju år gamle naziliknande helsinga, saman med å rope «kvit makt», gjer at det spøkar for deler av verdsturneen metallbandet skal ut på i vår.

For to veker sidan vart det kjent at dei tyske dobbelfestivalane Rock am Ring og Rock im Park i Nürnberg fjerna Pantera frå plakaten etter klager og kritikk frå fans.

Den austerrikske festivalen Gasometer kom til same slutning kort tid etter, melder medium som The Guardian og DR.

Festivalarenaen i Nürnberg ligg lokalisert i same område som Hitler sitt naziparti hadde sine årlege samlingar på 30-talet.

Framføringa var i samband med ein minnekonsert for den avdøde bandmedlemmen og gitaristen, «Dimebag» Darrell Abbott.

Anselmo har seinare beklaga episoden offentleg, etter at han først la skulda på «intern humor» kombinert med «for mykje inntak av kvitvin».

Men dette er ikkje første gong han har vore i hardt vêr for sine ytringar. I 1995 skal han ha hatt problem med rap-sjangeren fordi den «pissar over all kvit kultur, ifølge metallmagasinet Louder Sound, og i 2001 skreik han «white power» på ein konsert i Sør-Korea.

Les også Svartmetallets nye snakkis

Witch Club Satan

– Tons of Rock sender eit signal

Punkbandet Hudkreft støttar Witch Club Satan i kritikken. Dei er skuffa over manglande handling frå den norske metallfestivalen.

– Sjølv om Ekebergsletta ikkje er ein gammal naziforsamlingsplass, bør Tons of Rock likevel fjerne dei, seier Hudkreft-trommis Stella Oter Lindeberg.

Dei meiner metallfestivalen sender eit negativt signal ved å behalde Pantera.

– Når dei øvste metallsjefane i Noreg ikkje fjernar bandet frå plakaten, sender dei eit signal om at det er greitt å kome med nynazistiske utsegn så lenge ein unnskyldar seg. Det er rein ansvarsfråskriving.

Hudkreft

– Rasistiske haldningar høyrer på ingen måte heime i samfunnet, i alle fall ikkje på ei scene. Tons of Rock gjer Pantera ein plattform ved å behalde dei, meiner Hudkreft.

Foto: Ingrid Nedrebø / NRK

Trur på nye sjansar

Tons of Rock har blitt konfrontert med kritikken og seier dette til NRK:

Phil Anselmo har beklaga offentleg sin uakseptable oppførsel frå 2016 ein rekke gongar. Tons of Rock trur på å gje alle nye sjansar, og ser fram til å oppleve desse legendene på Ekebergsletta til sommaren, seier presseansvarleg Lars Baade.

Også Radio Rock-profil Torkil Torsvik gler seg til å oppleve Pantera i hovudstaden i juni.

– Dei som kjenner Pantera si historie veit at dette er haldningar bandet aldri har fronta. Eg kan skjøne at dei som ser videoen kan bli skremt, men det er sju år sidan og dei har beklaga seg.

Torkil Torsvik

Panterafan og Radio Rock-profil Torkil Torsvik har følgt Pantera sidan 90-talet.

Torsvik peikar på at det er viktig å skilje enkeltpersonen frå kunsten, men legg vekt på at vokalisten må trå varsomt på turneen.

– Han bør holde den høgrearmen veldig i ro.

Skal utnytte scenelyset

Både Hudkreft og Witch Club Satan meiner arrangørar har eit ansvar for å gjere metallsjangeren tilgjengeleg og trygg for alle.

Men dersom ein skulle hamne på same festival som til dømes Pantera, har artistar moglegheit til å ta tydeleg avstand, meiner Hudkreft:

– Ein kan seie eller gjere noko frå scena for å vise kvar ein står.

Det kjem også til å bli taktikken til Witch Club Satan. Heller enn å trekke seg unna, skal dei utnytte scenelyset på Ekebergsletta godt.

– Vi kjem til å stå på Tons of Rock i sommar og formidle nokre idear som faktisk er verdt noko i samfunnet og gjere det ekstremt tydeleg kva vi meiner, avsluttar Holt Kleive.

NRK har forsøkt å kome i kontakt med Pantera, men har ikkje lukkast.

Witch Club Satan

Witch Club Satan håpar det kan kome ei endring i korleis vi reagerer på slike spørsmål ved at Pantera tar konsekvensane av eiga handling.

Foto: Steve Nilsen

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter