Hopp til innhold

No skal Tintin på filmeventyr

I haust kjem den første av tre Tintin-filmar, med Jamie Bell i hovudrolla. Sjå intervju med «den nye Tintin» og skaparane hans, regissør Steven Spielberg og produsent Peter Jackson.

Video Tintin går til filmen

SJÅ I DAGSREVYEN: Tintin går til filmen. Reporter: Ann-Iren Finstad.

Tintin i Sovjet

Tintin er ikkje berre populær, han har også skapt kontrovers, mellom anna då han 'var' i Sovjetunionen.

Foto: HERGE / SCANPIX

Den belgiske detektiven og journalisten Tintin har følgt generasjonar i ei årrekkje, sidan 1929. Han vart skapt av teikneserieskaparen Georges Remi, under det kjende pseudonymet Hergé.

No prøvar stjerneduoen Steven Spielberg og Peter Jackson å vekkje eventyrlysta på ny, med ein full-animert film i 3D.

– Tintins inntog på internasjonale filmlerret er på overtid, seier regissør Steven Spielberg til NRK.

– Ville vere Tintin som barn

Teikneserieskaparen Hergé uttalte ein gong at dersom nokon skulle lage film om Tintin måtte det blir stjerneregissøren Spielberg. Ønskjet går i oppfylling når den første av i alt tre Tintin-filmar, «The Adventures of Tintin: The Secret of the Unicorn» har premiere i oktober.

Les også: Eventyrlig 80-årsjubilant

I hovudrolla som den eventyrlystne detektiven med eplenikkers og raudt hår er Jamie Bell, kjent frå filmar som «Billy Elliott», «King Kong», «Jumper» og «Jane Eyre».

– Eg ville vere Tintin som barn, ein modig helt som reiste på eventyr og levde i ei farleg verd og flaug verda rundt. At eg får gjere dette no er heilt fantastisk, spesielt saman med Steven Spielberg, som eg også er ein stor fan av, seier han til NRK.

Den 25 år gamle skodespelaren trur teikneserieskaparen ville vore stolt av filmen.

– Eg såg nyleg nokre scener frå filmen og det bles meg av bana. Eg har aldri sett animasjon og animerte karakterar som ser så bra ut. Det er også ein fin sjanse for folk som ikkje kjenner til Tintin til å dukke inn i universet til Hergé, meiner han.

Sjå heile intervjuet med Jamie Bell:

Video Jamie Bell om Tintin

Jamie Bell om Tintin til NRKs reporter Ann-Iren Finstad under intervju i Paris.

Sjå trailer frå Tintin-filmen:

Video Tintin-trailer 1

Trailer til 'The Adventures of Tintin: The Secret of the Unicorn'.

– Som broren eg aldri hadde

Herge, Tintins far

Georges Remi, Hergé, skapte teikneseriehelten Tintin i 1929. No går den belgiske detektiven og journalisten til filmen, spelt av Jamie Bell.

Foto: OFF / AFP

Også produsent Peter Jackson, kjent for «Ringenes Herre»-filmane, har eit nært forhold til karakteren.

– Han er ein gammal ven, ein av mine aller første barndomskameratar. Eg voks opp på andre sida av jorda, i New Zealand, og hadde ingen brødrer eller søstrer. Tintin var som broren eg aldri hadde. Han var ein rollemodell og stod for tenåringseventyra eg drøymde om som åtteåring, seier han til NRK.

Som vaksen ser Jackson enda fleire kvalitetar i Tintin-universet.

– Hergé stod for vakkert europeisk artisteri. Han kommenterte verda og tida han levde i, og det er ein sosial tekstur på historia. På toppen av det var han glad i Hollywood, og henta inspirasjon frå humoristar som Buster Keaton og Charlie Chaplin, seier Peter Jackson.

Regissør Steven Spielberg kan kjenne seg igjen i meisterdetektiven.

– Eg elskar å løyse gåter og det gjer Tintin også. Han er delvis journalist, delvis detektiv, veldig modig og tar aldri eit nei for eit nei. Det kan eg relatere til, seier Spielberg.

Sjå heile intervjuet med Spielberg og Jackson:

Video Peter Jackson og Steven Speilberg om Tintin

Peter Jackson og Steven Speilberg om Tintin til NRKs reporter, Ann-Iren Finstad, i Paris.

Skulda for rasisme

Både Spielberg og Jackson meiner Tintin er eit av dei mest kjende populærkulturelle ikona frå det 21. århundre. Serien er oversatt til 50 språk og er selt i meir enn 200 millionar kopiar. Men karakteren har skapt kontrovers når det gjeld etnisitet.

Tegneserieheftet Tintin i Kongo

Hergé unnskyldte framstillinga av kongolesarar i 'Tintin i Kongo'. Forlaget vart tatt for retten.

Foto: Scanpix/AFP

Forlaget bak teikneserien vart tatt for retten i Belgia, grunna teikneserieheftet «Tintin i Kongo». Dei vart skulda for å gi ei uakseptabel og rasistisk framstilling av Afrika. Hergé laga denne serien i 1946, men endra på den i 1975 og har beklaga framstillinga.

Serieheftet «Tintin i Sovjet» vart også kritisert for å vere fordomsfullt.

Les: Tegneseriehelten Tintin for retten

Les: Tintins forlegger saksøkes

I tillegg har teikneserieskaparen blitt skulda for å samarbeide med nazistane under den andre verdskrigen.

– Kontroversane har ingen påverknad på filmen. Mange år har gått sidan krigen. Vi trur ikkje han samarbeida med tyskarane, vi trur han fekk forbod mot å lage teikningar med politisk innhald. Men han ga mykje håp og trøyst til alle innbyggjarane i Belgia under krigen, meiner Steven Spielberg.

Det er også blitt debattert om Tintin er homofil, sidan han aldri har hatt eit forhold til ei kvinne.

Les: Er Tintin homofil?

Skal ein tolke Spielberg og Jackson er det lite truleg at Tintin blir kontroversiell i Hollywood-versjonen. Det vil vise seg i oktober, då det norske publikummet for første gong får sjå filmen.

Slik blir Tintin på film:

Video Tintin-trailer 2

Ny trailer til den første av i alt tre Tintin-filmar.

Kulturstrøm