Hopp til innhold

Nikan (27) er dømt til 12 års fengsel og 74 piskeslag for musikken sin

HARSTAD (NRK): Metallmusikaren måtte flykta frå Iran for å driva med det han elskar. Ny rapport viser at tal på forfølgde og drepne kunstnarar aukar.

Nikan Khosravi måtte flykta frå Iran på grunn av metallmusikken sin og dei politiske tekstane sine.

STRAFFA: Nikan Khosravi veit ikkje om han nokon gong kan reisa tilbake til Iran på grunn av musikken sin. Nett no ventar det ei streng straff om han gjer det.

Foto: Martin Mortensen / NRK

– Musikken er liksom stemma mi, fortel Nikan Khosravi.

Han kjem frå Teheran i Iran, men har ikkje vore heime sidan 2017.

Han er låtskrivar, vokalist og gitarist i bandet Confess. Det harde uttrykket og dei politiske tekstane gjorde at han blei arrestert for første gong som 22-åring.

No vil fleire her i Noreg retta fokuset mot ytringsfridom for kunstnarar.

Fengsel og piskeslag

Khosravi er blant anna dømt for blasfemi og propaganda mot regimet i Iran.

– I eit samfunn som Iran som er leia av totalitære styresmakter, tolererer dei ikkje eit anna narrativ og ei anna stemme. Derfor prøver dei å undertrykka artistar og dei som har andre meiningar om korleis eit samfunn bør vera, seier Khosravi.

I 2017 flykta han først til Tyrkia. Her byrja han etter kvart å la seg intervjua av internasjonal presse, blant andre av metallmagasinet Metal Injection, som har følgt historia hans tett.

Khosravi trur alle medieoppslaga, i tillegg til flukta, har bidratt til at den endelege dommen har falle på heile 12 og eit halvt år i fengsel og 74 piskeslag.

Han fortel at deler av songtekstane handlar om sosial urettferd.

– Eg snakkar blant anna om: «er gud ekte? Kvifor er då verda som ho er?», seier han.

Bandet Confess

BANDET: Arash Ilkhani (t.v.) var med og starta Confess i Iran saman med Khosravi (t.h.). Han flykta også etter kvart, og dei to møttest igjen i Harstad. No har dei fått med seg Erling Malm og Roger Thunheim.

Foto: Camilla Therese Norvoll

– Forfølging av kunstnarar aukar

I 2020 blei 17 artistar rundt om i verda drepne, og 82 sett i fengsel på grunn av kunsten sin. Totalt var det 978 brot på kunstnarisk fridom, viser rapporten «The state of artistic freedom».

Organisasjonen Freemuse kjem årleg med denne rapporten, som viser korleis det står til med den kunstnariske fridommen rundt om i verda.

Resultata er urovekkande, ifølge dagleg leiar Jan Lothe Eriksen i organisasjonen Safemuse.

– Talet på forfølgde og trua kunstnarar aukar. Talet på fengslingar og drap på musikarar og andre kunstnarar aukar også, fordi dei driv med kunst. Så denne rapporten er viktig fordi han viser kva som skjer, seier han.

Safemuse legg til rette for ein trygg stad å bu og å utøva kunst. Dei samarbeider tett med Freemuse, og har også vore sentrale i å knyta Khosravi til metallmusikkmiljøet her i Noreg.

Metallbandet Confess
Foto: Erik Brandsborg

Får støtte frå anerkjend metall-hald

Under årets Inferno Music Conference i slutten av april, som er ein del av den anerkjende heavy metall-festivalen Inferno, var temaet ytringsfridom for musikarar.

Her var Khosravi blant dei som fortalde si historie.

Leiar for Inferno-konferansen, Kristoffer Neegaard

Kristoffer Neegaard er leiar for Inferno Music Conference.

Foto: privat

– Me ville gi musikarane ein stad å fortelja historiene sine. Ytringsfridom er ikkje noko me bør ta forgitt. Med tanke på kor ekstremt uttrykk me driv med i metall, bør me tenka litt på at ikkje alle har dei same rettane, seier leiar for Inferno-konferansen, Kristoffer Neegaard.

Han fortel at dei lenge har hatt tett samarbeid med Safemuse, og at dei kjem til å fokusera på dette temaet også ved neste års konferanse.

– Me ser at problemet ikkje forsvinn i det heile tatt. Me håpar på å jobba vidare med Safemuse også til neste år.

Utenriksdepartementet vil ikkje kommentera denne enkeltsaka, men opplyser til NRK at dei til sommaren vil legga fram ein ny internasjonal strategi for ytringsfridom.

– Regjeringa har i lengre tid jobba for å hjelpa forfølgde kunstnarar. Me har samarbeidsavtalar med Safemuse og Freemuse. Noreg tok også opp ytringsfridom i Iran då landet blei høyrt i FN-menneskerettsråd, skriv statssekretær Jens Frølich i ein e-post til NRK.

Enda i Harstad

Etter kvart som historia til Khosravi blei meir kjend då han var i Tyrkia, kom han i kontakt med nemnde Safemuse og Freemuse, i tillegg til fribynettverket ICORN.

Ein friby er ein by som tar på seg å vera vertskap for ein forfølgt kunstnar i opp til to år.

Harstad, som i 2013 erklærte seg som verdas første friby, sa seg villige til å ta imot Khosravi i eit toårig opphald innan den norske flyktningkvoten. No er han innlemma i fribyprogrammet, og har budd her sidan desember 2018.

Her lever Confess og han sjølv trygt vidare. Harstad Tidende har tidlegare omtala saka.

Metallmusikaren Nikan Khosravi

NY MUSIKK: Khosravi fortel at han og bandet trass i korona har prøvd å halda seg aktive, og slepp ny musikk til sommaren. Her frå då NRK møtte han i Harstad.

Foto: Martin Mortensen / NRK

Khosravi legg ikkje skjul på at alt han har opplevd har vore tøft. No må han også vera vekke frå familien sin. Han meiner organisasjonar som Safemuse er livsviktige.

– Det kan vera livsendrande. Min situasjon var ikkje trygg i det heile tatt. No kan me spela musikken vår live, og møta fans. Historia mi snakkar for seg sjølv når det gjeld kor mykje musikken betyr for meg.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.