Hopp til innhold

Newzealandske Lorde med album på maori

Lorde som er kjend for songen «Royals» er ute med eit nytt album. Ho har sunge på språket til urbefolkninga i New Zealand.

Artisten Lorde slapp albumet "Solar Power" 20. august 2021.

Artisten Lorde har gitt ut fem songar frå sitt siste album Solar Power på maori.

Foto: Ophelia Mikkelson

I landet med den lange, kvite sky, Aotearoa, eller New Zealand som vi kallar det, heiter urbefolkninga maori. For å hylle dei og landet sitt har artisten Lorde no gitt ut fem låtar på Māori, sjølv om ho ikkje er Māori sjølv.

Albumet har fått tittelen «Te Ao Marama», som betyr «World of light».

Berre høyr her:

Les NRKs anmeldelsen av «Solar Power».

Før kunne ho berre eit par songar på maori som ho lærde på barneskulen. Språket kunne 24-åringen heller ikkje.

Ho tenkte at maori-kulturen ikkje var ein stor del av livet hennar.

– Det var noko eg synest var trist og kjende på ei skuldkjensle for, sa artisten i eit intervju med The Spinoff.

Men i arbeidet med prosjektet innsåg Lorde at måten ho lyttar til og ønskjer å ta vare på naturen er frå verdsbilete til maoriane.

– Det finst eit ord for det på maori «Kaitiakitanga», som betyr omsorg for himmelen, havet og landet.

– Veldig emosjonelt

Delar av urbefolkninga meiner at berre maoriar skal snakke på maori etter at regjeringa i New Zealand prøvde å utrydde språket i 150 år. Og språket er sjeldan å høyre på radioen i landet trass i at maoriske musikarar er populære der.

Te Ao Mārama, Lorde sitt nye album, som består av fem låter på maori.

Koveret til Te Ao Mārama, Lorde sitt nye album, som ho seier er inspirert av vidundera i den naturlege verda.

Foto: Rei Hamon

Ho snakka mykje med vener, familiane deira og kollegaar for å finne ut om det ville vere akseptabelt for ho å synge på maori. Mange viste støtte til Lorde sitt prosjekt, hjelpte ho med omsetjinga og maoriske songarar korar på det nye albumet.

– Det var skummelt å starte reisa og det kjendest stort når vi gjorde det. Det var veldig emosjonelt.

– Eg er kvit – uansett korleis du ønskje å tolke det at eg engasjerer meg i kulturen til urbefolkninga vår, så er det greitt. Eg aksepterer det, for dette er verkeleg komplisert.

Ho meiner at det er Māorikulturen som gjer at folk frå andre stadar tenker på New Zealand som ein litt magisk plass.

Inntektene frå albumet skal gå til dei veldedige organisasjonane Forest and Bird og Te Hua Kawariki Charitable Trust.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober