Hopp til innhold

Wonka-regissør: – Håper ikkje han snur seg i grava av raseri

Paul King har gjort det Roald Dahl ikkje gjorde – laga forløparen til klassikaren «Charlie og sjokoladefabrikken».

Timothée Chalamet som Willy Wonka i «Wonka»

WONKA: Timothée Chalamet spelar Willy Wonka.

Foto: Jaap Buittendijk

Når ein skal skape historia om kva som forma Willy Wonka og hans lidenskap til sjokolade, så er det ikkje med så reint lite ærefrykt.

Det fortel regissøren bak filmane om Paddington og nå «Wonka», Paul King.

Filmen om den unge utgåva av sjokolademakaren og magikaren har kinopremiere 8. desember, og i den forbindelse møtte NRK filmskaparen og fleire av skodespelarane frå filmen i London.

I tillegg til å regissere filmen har King, saman med Simon Farnaby, skrive manuset til «Wonka».

Timothée Chalamet som Willy Wonka i «Wonka»

MUSIKAL: Chalamet og dei andre skodespelarane både syng og dansar i filmen.

Foto: Jaap Buittendijk

– Roald Dahl er ein av dei store historieforteljarane gjennom tidene. Han har skapt desse usedvanleg varige karakterane og historiene. Å tråkke i fotspora hans er utruleg skremmande. Det er som å stå på skuldrene til ein kjempe.

Men plussida med eit slikt prosjekt, at ein får leke med Roald Dahl sine ekstraordinære kreasjonar, trumfar ærefrykta for King.

Store sko å fylle

Timothée Chalamet, kjent frå «Dune» speler Willy Wonka i filmen.

Chalamet ser på det som ei vanskeleg oppgåve å skulle fylle ei rolle som så mange har eit forhold til gjennom Roald Dahl sine bøker og tidlegare filmatiseringar.

– Det følast som eit stort ansvar. Folk er veldig beskyttande ovanfor universet, forståeleg nok og med rette. Men då eg las Paul King sitt manus, tenkte eg at wow, dette er eit veldig smart bilde på korleis Willy blei den Wonkaen vi alle kjenner, fortel Chalamet til NRK.

NRK møtte Keegan-Michael Key og Timothée Chalamet i London.

I LONDON: NRK møtte skodespelar Keegan-Michael Key og Timothée Chalamet i London. Der hadde filmen verdspremiere denne veka.

Foto: Warner Brothers / Warner Brothers

I «Wonka» møter vi fleire nye karakterar. Blant anna Noodle, spelt av det ukjende bladet Calah Lane. Ho måtte gjennom fleire auditions med dansing og synging før ho til slutt fekk rolla som Willy Wonka sin gode hjelpar.

– Eg og Noodle er omtrent like. Vi har begge dei same eigenskapane, så det var definitivt inga utfordring å bringe henne til live i denne fantastiske Wonka-verda. Eg er så stolt over å vere ein del av denne filmen, seier Calah Lane.

Keegan-Michael Key spelar politimeister i filmen «Wonka». Og Calah Lane spelar rolla som Noodle

FERSK: «Wonka» er Calah Lane t.v. sin første store film. Ho speler karakteren Noodle.

Foto: Jaap Buittendijk

– Hyllest til Roald Dahl

Keegan-Michael Key spelar politimeister, ein annan karakter som er heilt ny i Wonka-universet. Men det politimeisteren opplever i filmen er ikkje så ulikt det andre karakterar har opplevd tidlegare i Roald Dahl si historie.

– Sidan denne filmen skal vere ein forløpar, så lurer eg på om min karakter på ein eller annan måte påverka Wonka seinare i livet, seier Keegan-Michael Key.

Roald Dahl, som var britisk fødd med norske foreldre, skal ha uttalt at han ikkje likte filmatiseringa i «Willy Wonka & the Chocolate Factory» frå 1971.

Likevel er Paul King ganske trygg på at Roald Dahl ville vore interessert i ei tidleg historie om Wonka. King har dykka ned i Dahl sitt arkiv. Dessutan har dei samarbeida med familien til Roald Dahl. Og barnebarnet, Luke Kelly, er ein av produsentane i filmen.

Paul King, regissør og skaper av filmen «Wonka»

REGISSØR: Paul King synest det er skremmande og ei glede å gå i fotspora til Roald Dahl.

Foto: Warner Bros.

Målet til filmskaparen har vore å få handlinga og karakterane i «Wonka» til å passe inn i Roald Dahl sitt univers.

Og det syns skodespelarane Keegan-Michael Key og Timothée Chalamet at han har klart.

– Paul King sitt manus er veldig smart skrive, fordi det er ein hyllest til ting som har skjedd i universet før, seier Keegan-Michael Key.

– All ære til Paul King og Simon Farnaby, som har laga noko veldig Roald Dahlsk, seier Timothée Chalamet.

Timothée Chalamet som Willy Wonka i «Wonka»

PREMIERE: Frå 8. desember kan ein sjå filmen på norske kinoar.

Foto: Courtesy of Warner Bros. Pictures

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.