Hopp til innhold

Musikken som dempar julestresset

Har julestresset festa si klamme hand om nakken din? Her finn du musikken som kan gi frynsete nervar eit velfortent førjuls-spa.

Jul

Mange drømmer nok om å slenge beina på bordet når julestria setter inn. Illustrasjonsfoto: Lollyknit

Foto: Lollyknit (flickr.com/photos/lollyknit) / Flickr/Creative Commons 2.0

Musikk har nok vore brukt som stressdempande middel til alle tider. I vår tid er musikken meir mangfaldig og lettare tilgjengeleg enn nokon gong, men så er då også stressfaktorane fleire.

NRK har i år etablert ein eigen julekanal, så om julemusikk er den ultimate førjulsstressdemparen for deg, veit du kva du har å gjere. Dermed er denne artikkelen frigjort til å fokusere på sjelebalsam frå seks andre kjelder:

Avslappingsmusikk

Viss dette kan kallast ein eigen sjanger, er det ein sjanger med rimeleg frynsete rykte. 1970-talet sin new age-musikk fekk mange avleggarar, og det er framleis «new age» som er merkelappen når til dømes Billboard rangerer platesalet på området. At det siglar nokre kvakksalvarar under «new age»-flagget betyr likevel ikkje at all avslapningsmusikk er ræl, og Noreg kan skilte med nokre døme på det.

Øystein Sevåg (f. 1957) jobbar innanfor fleire sjangrar, men det er som «new age-musikar» han har skaffa seg eit internasjonalt publikum. På det siste albumet sitt har han med seg eit svært så kredibelt lag av norske jazzmusikarar, som speler låtar i spekteret frå jazz til avslappingsmusikk. Denne er eit døme på det siste:

Les: – Et yrende vårbrus av musikalsk intelligens og livsglede

Jens Graasvoll (f. 1946) ga i 1999 ut cd-en Nidus med undertittelen «beroligende musikk for mor og barn». Dette kuttet er basert på eit tema av den norske komponisten Agathe Backer-Grøndahl:

Tidlegmusikk

Den europeiske musikktradisjonen fram til og med barokken spenner vidt stilmessig, men mykje av musikken frå perioden har til felles at han framstår som relativt roleg og avslappande i våre moderne øyrer. Nokre smakebitar:

Guillaume de Machaut (ca. 1300-1377) er ein av dei første komponistane vi veit noko særleg om, biografisk sett. Den franske poeten var berømt og etterspurt i samtida og jobba for ei rekkje kongar og aristokratar, mellom andre Karl V av Frankrike.

Giovanni Pierluigi da Palestrina (ca. 1525-1594) var renessansen si største komponiststjerne – han vart rekna som den fremste komponisten i samtida, og populariteten heldt fram etter at han døydde. Johann Sebastian Bach er ein av mange som sidan har beundra messene hans, og musikken hans vert framleis mykje framført.

Klassisk musikk

Merkelappen «klassisk musikk» er (heldigvis) ingen garanti for at musikken er avslappande. Særleg musikken frå romantikken (1800-talet) skiftar gjerne raskt frå det stille til det intense – sjølv om Chopin er ein gjengangar på alle «relaxing classics»-aktige album. Musikk frå barokken eller klassisismen (1600- og 1700-talet) vil nok generelt oppfattast som jamnt over meir avslappande, sjølv om den også kan vere både energisk og dynamisk.

Johann Sebastian Bach (1685-1750) er barokkens store meister og av mange rekna som tidenes største komponist. Både kantater, konsertar, oratorier og soloverk gir gode høve til å «tune in and chill out». Dette stykket skreiv han truleg som 22-åring:

Wolfgang Amadeus Mozart (1756-1791) har nok vore brukt til det meste – som å gjere babyar meir intelligente eller gjere sjåførar meir konsentrerte. Tastar du inn «Mozart» og «adagio» inn i søkjefeltet, er det gode sjansar for at det kjem noko beroligande i trefflista. Eller du kan høyre på denne duetten for fiolin og bratsj, som gir Mozart-magi i si reinaste form:

Samtidsmusikk

Samtidsmusikk er kanskje ikkje det første du tenkjer på når du kjenner behovet for ro og fred, men mellom støymusikk og serialisme finst det mange komponistar som søkjer mot meir behagelege akkordar og klangar.

Minimalistar som Steve Reich, Philip Glass og Arvo Pärt har alle skrive nyskapande musikk som også har nådd eit stort publikum.

Les og lytt: Slik erobra minimalismen verda

Alan Hovhaness (1911-2000) skreiv musikk inspirert av mystikk og meditasjon – og naturkatastrofer. Symfonien «Mount St. Helens» skildrar den amerikanske vulkanen som eksploderte i 1981 – førstesatsen skildrar vulkanen før utbrotet.

Eric Whitacre (f. 1970) er mest kjend for kormusikken sin, og bidrog til havfruemusikken i den fjerde Pirates of the Caribbean-filmen. Han er også ein av komponistane som har fått merksemd for sin bruk av nye medier – han står bak Youtube-koret Virtual Choir.

Les: Sjå verdas største Youtube-kor

Ambient

Ambientmusikk har røter til klassiske komponistar som Eric Satie (1866-1925) og minimalistane på 1960-talet, men det var engelskmannen Brian Eno som fann opp termen på 1970-talet, og la grunnlaget for sjangeren med albumet Ambient 1: Music for Airports. Han ville lage musikk som «framkallar ro og gir rom for å tenkje», og som var «ignorerbar og interessant på same tid».

Geir Jenssen (f. 1962) frå Tromsø, med artistnamnet Biosphere, er eitt av dei store namna innan feltet, og album som Microgravity frå 1991, Patashnik frå 1994 og Substrata frå 1997 vert rekna som klassikarar i sjangeren – Patashnik hamna på 33.-plass i kåringa av tidenes beste norske album.

Julianna Barwick kom med debutalbumet The Magic Place i år, og tittelen viser til eit tre på garden der ho vaks opp. Musikken er dominert av Barwick si stemme, og ho tillegg mykje av æra for sitt særeigne lydbilete til bakgrunnen sin i eit landsens kyrkjekor.

Elektronika

Ambient og elektronika overlappar kvarandre – elektronika har oftast tydelegare rytmiske element, men kan vere svært avslappande likevel. Röyksopp er mellom stjernene i sjangeren, og Senior-albumet frå 2010 kan godt vere det dei anspente skuldrane dine treng. Nokre andre tips:

Air byrja som eit einmannsprosjekt med franskmannen Nicolas Godin, men han fekk med seg Jean-Benoît Dunckel og slo gjennom i 1998 med debutalbumet Moon Safari, og har vore mellom dei største elektronikastjernene sidan. Mike Mills frå 2004-albumet Talkie Walkie er eit avslappingsmessig høgdepunkt.

Pantha Du Prince er artistnamnet til tyskaren Hendrik Weber. Han byrja karrieren med nokså hard elektronisk musikk, men tredjealbumet Black Noise frå 2010 innebar (ironisk nok) eit steg i ei mildare og mjukare retning for artisten.

Kulturstrøm

  • Samler inn penger til statue av Freya

    «Statue til minne om hvalrossen Freya» heter Spleisen som ble opprettet kort tid etter at hvalrossen ble avlivet søndag morgen.

    – Alle pengene som samles inn går til produksjonen av en statue av hvalrossen, står det i innsamlingen.

    I skrivende stund er det samlet inn i underkant av 10.000 kroner.

    Om prosjektet ikke skulle bli noe av, går pengene til WWF Norge.

    Hvalrossen Freya på brygge
    Foto: NRK
  • VG: TV 2 og Altibox i nye forhandlinger

    Det opplyser kommunikasjonssjef Andreas Veggeland i Altibox til avisa mandag.

    – Vi er blitt enige om å sette oss til forhandlingsbordet igjen. Det er et signal om at vi har et håp om å komme til en ny avtale. Det er vi glade for, sier Veggeland videre.

    Helt siden 1. april har 530.000 Altibox-kunder og godt over en million TV-seere vært uten TV 2.

    – Av hensyn til seerne mener vi det er riktig å gi hverandre en siste sjanse og forhandle om en avtale om TV 2s innhold og tjenester på nytt, skriver TV 2s kommunikasjons- og organisasjonsdirektør, Sarah C.J. Willand, i en SMS til avisen.

  • Venteliste på «Sataniske vers»

    Interessen for boken «Sataniske vers» på bibliotekene i Oslo har blusset opp.

    Fredag ble forfatteren Salman Rushdie angrepet på en scene i New York.

    Før dette var det null venteliste på boken. Mandag formiddag hadde 145 personer stilt seg i kø for å lese «Sataniske vers».

    Ventelista gjelder for alle utgaver på alle språk. På flere språk er det fortsatt ledige eksemplarer enkelte steder.

    Biblioteket sier at de nå vurderer å kjøpe inn flere eksemplarer på grunn av etterspørselen.