Hopp til innhold

Sjå verdas største Youtube-kor

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

2052 songarar frå 58 land er med i Youtube-koret Virtual Choir 2.0, mellom andre Wenche Nesheim frå Stryn. Sjå sluttresultatet her!

I mai 2009 lasta Britlin Losee opp ein video av seg sjølv der ho song Eric Whitacres song Sleep. Komponisten og dirigenten Whitacre blogga oppglødd om videoen og sin nye idé: Å invitere andre songarar til å gjere det same, og redigere saman dei einskilde opptaka til ein musikkvideo.

Hausten 2009 la han ut ein video der han instruerte og dirigerte stykket Lux Aurumque, og inviterte songarar til å synge inn si stemme og legge ut videoen. 185 songarar frå 12 land var med i den ferdige videoen, som Scott Haines redigerte saman.

Les: Synge sammen på Youtube

Fekk med songarar frå 58 land

I september 2010 inviterte Whitacre til den andre utgåva av Virtual Choir, denne gongen med stykket Britlin Losee song inn året før – Sleep.

Komponisten håpte i invitasjonen å få med 900 songarar og kome i Guinness' rekordbok som «verdas største internettkor», men responsen vart endå større enn forventa – 2052 songarar lasta opp sine bidrag.

Virtual Choir 2.0

Musikkvideoen er sett saman av videoane songarane har lasta opp på Youtube.

Foto: Eric Whitacre’s Virtual Choir 2.0 Sleep

– Litt nifst og veldig spennande

Wenche Nesheim frå Stryn var ein av dei norske songarane som lasta opp video på Youtube, og ho er med i den ferdige videoen.

– Eg såg det første prosjektet og vart aldeles fascinert, seier Wenche Nesheim.

– Då eg fekk vite om den andre runden, hang eg meg på med ein gong. Det var litt nifst å legge ut videoen og vite at kven som helst kunne sjå det, men det var også utruleg gøy, og veldig spennande å vente på resultatet.

Sjå Wenche Nesheims bidrag til Virtual Choir:

Wenche Nesheim lasta opp sitt bidrag til Virtual Choir i slutten av desember.

– Som ein stor familie

Nesheim syng til vanleg i Frostskoddekoret på Stryn, som har om lag 20 medlemer. Ho har også vore i kontakt med nokre av dei drygt 2000 i Virtual Choir:

– Eg kom i kontakt med nokre av dei andre medlemene i forkant av at eg melde meg på, seier ho.

– Eigentleg kjenner eg jo ikkje nokon i koret, men det følest likevel som ein stor familie. Og sluttresultatet vart heilt fantastisk!

Dirigent, komponist og toppmodell

Eric Whitacre

Eric Whitacre tok initiativet til Virtual Choir.

Foto: Marc Royce

Den amerikanske 41-åringen Eric Whitacre skriv musikk med breitt nedslagsfelt. Den første cden med hans kormusikk toppa dei klassiske salslistene, og for tida samarbeidar han med Hans Zimmer om musikk til Pirates of the Caribbean 4.

I mars kunne motebladet Vogue melde om eit nytt virkefelt for musikaren – han har inngått kontrakt med modellbyrået Storm Models, som mellom anna har hatt Cindy Crawford og Kate Moss i stallen.

Sjå i Nett-tv: Kammerkoret NOVA syng Eric Whitacres «Water Night»

Youtube Symfoniorkester møttest i Sydney

Virtual Choir er ikkje det første ensemblet som er oppretta gjennom Youtube. Den første utgåva av Youtube Symfoniorkester heldt sin første konsert i New York i 2009, og hausten 2010 vart det lyst ut ny audition . 101 musikar vart valt ut mellom fleire tusen kandidatar, og orkesteret møttest i Sydney i mars for å halde konsert.

Medan Youtube-orkesteret har audition på Youtube først og møtest fysisk for å spele i lag, er Virtual Choir inntil vidare eit reint virtuelt kor.

– Men om det blir aktuelt å samle koret ein stad, kjem eg til å melde meg på med ein gong, det hadde vore utruleg artig, seier Nesheim.

Les også: Ung norsk komponist skriv for Youtube


Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.