Bjørnstjerne Bjørnsons hjemsted var en propagandasentral for nazistene under andre verdenskrig. Det bør Aulestad-museet være åpne om, mener litteraturprofessor Marianne Egeland. – De burde tematisere det i stedet for å takle det gjennom taushet, sier forskeren til Klassekampen. Bildet viser forfatteren på kontoret hjemme på Aulestad i Gausdal.
–«Wonka» sparer ikke på noe og byr på et overskudd av visuell fortellerglede, mener Birger Vestmo om filmen som forteller historien om den unge Willy Wonka.
Kulturdepartementet opprettar eit årleg Jon Fosse-stipend, som skal gå til ein person som omset norsk litteratur. Det skal også haldast eit årleg Fosse-foredrag.
– Dette er gåva vår i samband med nobelprisen til Jon Fosse. Det er ein måte å heidre han på, seier kulturminister Lubna Jaffery (Ap) til NTB.
Stipendet skal delast ut av Nasjonalbiblioteket og NORLA, Senter for norsk litteratur i utlandet.
Nasjonalbiblioteket skal i tillegg vere vertskap for eit årleg foredrag som skal haldast i Fosses namn. Fosse vil vere involvert i både kven som får stipendet og kven som skal halde foredraget.
Hovudpersonen sjølv seier at han er takksam.
– At dette blir kunngjort midt i nobelveka, gjer sjølvsagt denne endå viktigare både for meg og for norsk litteratur, skriv Jon Fosse i ein kommentar til NTB.
Det første foredraget og utdelinga av første stipendet skjer i 2024. Det er enno ikkje vedteke når på året det skal skje eller kva summen på stipendet blir.