Hopp til innhold

MTV-stjerner i VM-moteshow

Her går stjernene frå MTV-serien «The Buried Life» på catwalken til Moods of Norway.

- Dressane deira er perfekte for å late som om ein er storkar i Las Vegas, seier Ben Nemtin, som kom med kjærasten Whitney Port.

Moods of Norway viste sin vinterkolleksjon på Universitetsplassen i Oslo sentrum i kveld, før den første VM-medaljeseremonien. Artistar som Satyricon, Madcon, Wenche Myhre og Arve Tellefsen opptrådde då vinterkolleksjonen 2011 vart vist.

På catwalken var også kjende MTV-fjes: Ben Nemtin og kollegaer frå TV-serien «The Buried Life.»

Sa ja med ein gong

Whitney Port

Whitney Port var blant publikum på Moods of Norway-visninga.

Foto: GABRIEL BOUYS / Afp

– Vi har kjent dei ei stund, for dei har vore på eit par av butikkopningane våre i USA. Ikkje minst brukar dei Moods-klede i serien sin, seier ein av designarane bak Moods of Norway, Peder Børresen.

«The Buried Life»er ein dokumentarserie på MTV som følgjer ein venegjeng. Dei har ei liste over «100 ting å gjere før ein døyr» som dei skal fullføre.

Serien er inne i sin andre sesong og det å vere modell på catwalken er ein av tinga som Nemtin og gjengen no kan krysse av på lista.

– Vi blei raskt vener med Moods of Norway-gutta, kanskje fordi vi har den same innstillinga til ting. Då dei inviterte oss hit sa vi ja med ein gong, fortel Nemtin.

– Perfekt for å vere Las Vegas-storkar

Moods of Norway

Finalekjolen til Moods of Norway hadde hundrevis av sølvkonglar limt på seg.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

– Vi likar dressane spesielt godt. Sidan konseptet rundt showet er at vi gjer ting vi ikkje kan, kler vi oss opp mykje og snik oss inn plassar, seier TV-stjerna.

– Dressane til Moods of Norway er perfekte når vi skal late som om vi er storkarar i Las Vegas, ler han.

MTV var med til Oslo og filma innhoppet på moteshowet til Moods of Norway.

– Vi filmar stort sett alt vi gjer, seier Nemtin.

Blant publikum sat kjærasten Whitney Port, også ho MTV-stjerne, kjent frå TV-seriar som «The Hills» og «The City.»

I dag slapp det norske merket BikBok ei pressemelding om at ho blir deira nye gjestedesignar.

  • Les også: Stjernedesignere kler opp VM
  • Sjå designarane snakke om VM-kolleksjonen:
    Video Moods of Norway om VM-kolleksjonen

Inspirert av Skimuseet

Moods of Norway byrja planleggje moteshowet allereie for to år sidan, då dei fekk beskjed om at showet deira skulle vere ein del av VM.

Dei vart inspirert av å gå rundt på Skimuseet og sjå på bilete av Dronning Maud, gamle treski og andre skiminner.

– Kolleksjonen består av 80 antrekk, men med alle dei spesialsydde antrekka til dansarar og artistar er vi nok oppe i 160 antrekk til saman, fortel Børresen.

Moods of Norway

Arve Tellefsen vart frakta inn i båt på motevisninga til Moods of Norway.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

«Brureferda i Hardanger»

Showet var delt opp i fem ulike seansar med tilhøyrande artistar.

Det starta med Winter Wonderland, der Arve Tellefsen vart frakta inn på scena i ein trebåt av fossedraugar. Kledd i Moods of Norway-dress, sjølvsagt.

– Det var vår vinterversjon av «Brureferda i Hardanger», fortel Børresen.

Så tok «Norge i rødt, hvitt og blått» over, og det var her MTV-stjernene var med. Kleda var i nettopp raudt, kvitt og blått. Showet heldt fram med ein miks av sporty og meir pynta klede - frå rosa skidressar og skandinavisk strikkemønster, til ullnikkers, lange strømper og rutete kåper.

– Ei stor ære

– Det er kjempegøy å få representere Noreg og norsk design på denne måten, og ei stor ære. Difor ville vi også få med dans og musikk i showet, slik at det ikkje berre handlar om Moods, seier Peder Børresen.

Satyricon spelte i spesialsydde svarte dressar i silke. Lange partykjolar og dressar i neonfargar gav ein kontrast til skikleda.

Det var også plass til brokadedressar og dei etterkvart så kjende traktormotiva. Det siste antrekket var ein konglekjole, der sølvmalte konglar var sydd på for hand.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.