Hør:
Morten Dragsnes har vore ambulansesjåfør sidan midten av 1990-talet, og fortel at han og kollegaene ofte må bruke verdifulle minutt på å leite etter huset til den sjuke. Han ser ikkje bort frå at liv har gått tapt.
Vanskelige messingtal
Messingtal er populære, men fungerar elendig i mørket. I tillegg kan tre og andre planter skjule nummeret.
Dårleg skiltplassering på huset i forhold til den trafikerte gata, gjer det også vanskeleg å finne fram.
Det er ingen tid å miste om det skulle oppstå ein akutt situasjon. Etter få minutt kan til dømes personen med hjertestans få alvorleg hjerneskade.
Nye bustadfelt er verst
Det er ofte i nye bustadfelt ambulansepersonellet møter den største utfordringa. Bustadene er mange og ligg svært tett utan system. Slike områder treng eit skilt i innkøyringspartiet som syner oversikten.
Morten Dragsnes ber folk skaffe seg svarte tal med kvit bakgrunn, og plassere skilta to til tre meter over bakken godt synleg frå gata.
Norgesglasset NRK P1