Hopp til innhold

Her er rekkjefølga i MGP-finalen

På laurdag skal ni artistar kjempar om å vinne årets Melodi Grand Prix. Under ser du rekkjefølgja.

MGP 2024 tredje delfinale Fredrik Solvang og Marion Ravn

Fredrik Solvang og Marion Ravn er programleiarar i årets Melodi Grand Prix.

Foto: Espen Solli

Stemmeskjema

Ein klassisk gjengangar når det gjeld MGP og Eurovision.

PDF-versjon: Stemmeskjema

Word-versjon: Stemmeskjema

I skjemaet står artistane oppført i den rekkjefølgja dei opptrer i, i tillegg til stemmeinformasjonen.

Her kan du fylle inn poenga dine etter kvart som artistane har framført nummeret sitt, og du kan gi poeng på alt frå sceneshow til styling.

KEiiNO «Damdiggida»

KEiiNO, Melodi Grand Prix 2024
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Fem år er gått sidan KEiiNO kombinerte urnorske melodiar, joik og dansbar pop for fyrste gang, og den unike sounden har fått eit stort internasjonalt publikum. Nå vil dei gjere eit nytt forsøk på å ta sigeren heim!

Annprincess «Save Me»

Annprincess, Melodi Grand Prix 2024
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Annprincess er ein artist og låtskrivar frå Lier. 32-åringen elskar å skrive låtar som får andre til å føle seg sterke, sett og høyrt. MGP-låten «Save Me» handlar om einsemda ein kjenner på av at andre påpeiker kor annleis ein er.

GOTHMINISTER «We Come Alive»

GOTHMINISTER, Artistbilde 2024
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

GOTHMINISTER er Bjørn Alexander Brems hjartebarn og alter ego. Til dagleg jobbar Oslo-mannen som advokat, men om natta kjem GOTHMINISTER fram.

Ingrid Jasmin «Eya»

Ingrid Jasmin, Artistbilde MGP 2024
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Ingrid Jasmin har vekse opp i Telemark, eit av kjerneområda for norsk folkemusikk, og har familieband til Latin-Amerika. Den musikalske reisa er berika av hennar varierte bakgrunn.

MIIA «Green Lights»

MIIA, Melodi Grand Prix 2024
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

MIIA erobra mange lyttarar rundt om i verda med singelen «Dynasty» i 2015. Låten vart omtalt av Billboard og var ein del av hitlister som New Music Friday globalt. Bak artistnamnet finn vi Mia Virik Kristensen frå Kragerø.

Margaret Berger «Oblivion»

Margaret Berger, Artistbilde 2024
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Margaret Berger er eit kjent namn i denne konkurransen. Ho vann MGP i 2013 og kom på fjerdeplass i Eurovision med låten «I Feed You My Love».

Dag Erik Oksvold og Anne Fagermo «Judge Tenderly of Me»

Dag Erik Oksvold og Anne Fagermo
Foto: Julia Marie Naglestad

Dei fann tonen musikalsk under «The Voice» i fjor. Dei tidlegare konkurrentane har i ettertid samarbeida om musikken, deltatt i «Beat for beat» og er nå klare for MGP-scena med låten «Judge Tenderly of Me».

Gåte «Ulveham»

Gåte. Frå venstre: John Stenersen, Gunhild Sunli, Mats Paulsen, Magnus Børmark, Jon Even Shärer.
Foto: Julia Marie Naglestad

Gåte fekk sitt gjennombrot på starten av 2000-talet og skulle raskt vise seg å bli ein nasjonalskatt. Deira unike kombinasjon av tradisjonell norsk folkemusikk og eksplosiv rock løfta dei ut av øvingskjellaren og inn på store scener på rekordtid.

Super Rob, Erika Norwich «MY A.I.»

Super Rob, Erika Norwich
Foto: Julia Marie Naglestad

Erika Norwich er ein talentfull låtskrivar og artist frå Trondheim. Ho har gjort seg bemerka med låtar som «Til Lillebror» og EP-en «Fra hjertet til hodet og ut». Super Rob er her for å hjelpe menneske og vil helst berre skape god stemning for heile verda.

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor