Hopp til innhold

- Eg fekk tryggleik til å gjere scena

- Eg fekk inn ein klausul om at bileta ikkje skulle brukast utanfor sin samanheng, hevdar skodespelar Gørild Mauseth.

Gørild Mauseth i Høyesterett

Høgsterett skal i dag vurdere om NRK hadde rett til å vise klippet av Gørild Mauseth i Store Studio.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Saka mellom skodespelar Gørild Mauseth og NRK starta i Høgsterett i dag tidleg.

Bakgrunnen for saka er at programmet Store Studio på NRK viste et klipp fra filmen «Brent av frost». Scena viser skodespelar Gørild Mauseth i ei sex-scene i ein båt full av fisk, og i dei to siste sekunda av scena naken framanfrå.

LES ÒG: Mauseth og NRK i Høyesterett
LES ÒG: «Fiskesex-sak» til Høgsterett

I tingretten i 2008, vart NRK dømt for brot på åndsverkslova, og til å betale erstatning, oppreisning og saksomkostning til Mauseth.

Dommen vart anka, og i Borgarting lagmannsrett vart NRK frifunne. Mauseth anka saka til Høgsterett fordi dei meinte at det her er snakk om det prinsipielle omkring til grensene til sitatretten.

Det er venta av Høgsterett vil kome med dommen sin i løpet av neste veke.

Rettssaka byrjar

Advokat for Mauseth, Eirik Djønne, starta sin prosedyre med å seie at dei har ført denne saka heilt til Høgsterett på vegne av alle skodespelarar for å sikre vernet av deira prestasjonar. Og at det i samband med det er viktig å avklare grensene for sitatretten.

Advokat Eirik Djønne

- Med eit sterkt føremål står sitatretten sterkt. Er føremålet svakt vil retten vere svakare, seier advokat Eirik Djønne.

Foto: Foto Lise Åserud / SCANPIX

Mauseth meiner det er krenking av personvern, når sitatet er brukt utanfor sin samanheng. Djønne presiserer at dei ikkje har innvendingar til bruken av sitatretten i Store Studio.

Det dei reagerer på er at NRK viste Mauseth naken framanfrå, i dei to siste sekunda av det totalt ti sekund lange sitatet. Å klargjere om NRK braut god skikk ved å vise desse to siste sekunda, er altså årsaka til anken.

Retten fekk i formiddag sett innslaget frå Store Studio der klippet frå «Brent av frost» vart brukt, og samanhengen klippet der vart sett i. I tillegg vart heile den originale scena frå filmen vist.

Brot på god skikk?

Saka går også på om NRK braut god skikk ved bruk av sitatretten, då dei viste klippet. NRK kjende nemleg til klausulen Mauseth hadde fått lagt inn i kontrakta si, om at dei erotiske scenene i filmen ikkje kunne brukast lausrive frå filmen, men valde likevel å vise det.

- Eg fekk inn ein klausul om at bileta ikkje skulle brukast utanfor sin samanheng. Dermed fekk eg tryggleik til å gjere denne vanskelege scena, uttalte Mauseth i erklæringa advokaten hennar siterte i retten.

Avtaleklausulen er ikkje bindande, men Mauseth meiner at når NRK kjende til dette, burde ein ha teke omsyn til dette i utøvinga av god skikk.

Advokat Djønne meiner at kva som er god skikk må domstolane kunne gje innhald, og korrigere.

- Med eit sterkt føremål står sitatretten sterkt. Er føremålet svakt vil retten vere svakare.

Eit sitat må også vere langt nok til at det er lojalt til innhaldet i åndsverket, men samstundes ikkje så langt at det snyltar på åndsverket, var eit anna element Djønne la vekt på i prosedyren sin.

Hevdar NRK konstruerte føremål

NRK valde å følgje Mauseth si oppfordring om å sladde klippet i innslaget som låg ute på nrk.no. NRK uttalte då at dei hadde kome fram til at dei ville etterfølgje ynsket fordi det ”ikkje vesentleg reduserte føremålet til sitatet.”

Ifølgje Djønne har NRK seinare sagt at dei viste også dei to siste sekunda fordi dei ville vise skilnaden mellom behandlinga av nakenheit i filmane Brent av frost og Kill Buljo. Advokat Djønne hevdar at NRK i ettertid har prøvd å leggje inn eit føremål for bruken av dei to siste sekunda av klippet, for å legitimere bruken.

Personvern i sitatrett?

NRK sin advokat Jon Wessel-Aas innleidde sin prosedyre med eit par kommentarar til advokat Djønne.

- Advokat Djønne har i si framstilling trekt fram andre media sin bruk av desse bileta, og NRK sin bruk av andre omstridde bilete. Det kan ikkje NRK verte haldne ansvarlege for, med mindre bruken av sitatretten var ulovleg, sa advokat for Jon Wessel-Aas.

Jon Wessel-Aas

NRK-advokat Job Wessel-Aas.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Han stilte også spørsmål ved Djønne sitt fokus på personvern var relevant i ei sak om opphavsrett, fordi Wessel-Aas meiner at ein ikkje kan trekkje inn personverninteresser i sitatretten.

- I utgangspunktet meinte Mauseth at ingenting av klippet skulle kunne brukast. Men etter tingrettsdommen, endra dei syn til at spesielt dei to siste sekunda ikkje kunne brukast, sa Wessel-Aas.

NRK-advokaten har også kome inn på om det det utdraget som vart vist kan seiast å vere eit åndsverk i seg sjølv. Eller om dette berre er eit fragment av eit verk, som dermed ikkje er verna.

- Eit poeng å vise heile klippet

Ifølgje Jon Wessel-Aas ligg NRK si vising av klippet innanfor føremålet med sitatretten, fordi det er snakk om ein filmomtale, der den siterte scena er direkte relevant i forhold til parodifilmen den var sett opp mot. Frå NRK side vert det også hevda at lengda på klippet dei brukte var naturleg utifrå scena dei viste frå parodifilmen.

- Det var eit sjølvstendig poeng å ta med dei siste to sekunda, fordi dei viser kontrasten mellom det naturlege og frie uttrykket, og den klossete, påkledde og uromantiske etterlikninga, sa Jon Wessel-Aas i sin prosedyre.

Dessutan peiker Wessel-Aas på at ein totalt nytta ei svært kort scene frå ein langfilm, og at NRK sitt eigenproduserte innhald var dominerande i innslaget.

- Parodien er ingen blåkopi av den opphavelege scena. Det er vesentelege skilnader. Samanlikninga skulle illustrere skilnaden på framstillingane. Lengda på klippa er den same, og har med det som er naturleg. Ein kunne ikkje ha fått ein meir lik framstilling, då kunne like gjerne ikkje ha vist noko, for scenene er ulike i dei to filmane, meinte Wessel-Aas.

Han synest ikkje at retten bør utøve millimetermål på om kor langt dette klippet burde vere, og om dei to siste sekunda burde ha vore med.

Økonomisk erstatning

NRK-advokaten sa til slutt at han meinte kravet om økonomisk erstatning ikkje er relevant på bakgrunn av opphavsrett, fordi dette er knytt til økonomisk utnytting av verket. Difor meiner NRK at det vert feil dersom dei skal betale erstatning for psykisk belastning som skuldast krenking av personvernet.

- Oppreisning er ikkje det same som økonomisk tap, var advokat Eirik Djønne sitt svar til dette.

Retten er no heva, og det er venta at dommarane avseier dommen sin mot slutten av nesten veke.

Kulturstrøm

  • Norge vant sølv i EM brass band

    Eikanger-Bjørsvik Musikklag fra Nordhordland havnet på en 2. pass i det europeiske brassbandmesterskapet i mesterskapsseksjon i Palanga i Litauen lørdag.

    I tillegg vant de solistpris for trombonisten.

    – Eikanger-Bjørsvik er veldig fornøyd med 2. premie på EBBC 2024 Palanga, skriver Eikanger-Bjørsvik musikklag på Facebook.

    Brassband Treize Etoiles fra Sveits fikk 1. plass og Brassband Willebroek fra Belgia fikk 3.-plassen, ifølge resultatlisten.

  • 40 år sidan Dollie-jentene song for livet

    Søndag er det nøyaktig 40 år sidan den norske duoen Dollie de Luxe deltok i den internasjonale Eurovision-finalen med låten «Lenge leve livet».

    På Instagram spør Dollie-medlem Ingrid Bjørnov om andre også har hatt filler i håret! Benedikte Adrian var den andre i duoen, som kom på 17. plass i finalen.

    Dollie de Luxe ble nummer 17 av 19 i den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen i 1984.
  • Voldsomme reaksjoner på dansk Eurovision-artist

    Danmarks Eurovision-håp, artisten Saba, forteller at hun har vurdert å trekke seg etter kraftige reaksjoner på at hun deltar i den europeiske finalen.

    Reaksjonene kommer i forbindelse med Israels omdiskuterte deltakelse i Eurovision samtidig med krigføring på Gazastripen.

    Anna Saba Lykke sier til Ekstra Bladet at hun har bearbeidet opplevelsen med psykolog, og at hun nå har valgt å stenge alle sine sosiale medier etter kraftige oppfordringer om at hun bør trekke seg.

    Saba mener det er viktig for mangfold og representasjon at hun deltar. Hun har vært åpen om at hun er skeiv, adoptert og har utfordringer med psykisk helse.

    Hun er også blant artistene som har underskrevet oppropet om fred og våpenhvile i Gaza.

    Den danske sangeren Saba, Anna Saba Lykke.
    Foto: Ida Marie Odgaard / AP