Hopp til innhold

NRK vann Mauseth-saka

- Dette er eit viktig presseprinsipp, seier kulturredaktør i NRK Hege Duckert.

Gørild Mauseth

Skodespelar Gørild Mauseth tapte mot NRK i lagmannsretten.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

NRK har vunne saka mot skodespelar Gørild Mauseth i lagmannsretten.

Hege Duckert

- Dette er eit viktig presseprinsipp, seier kulturredaktør i NRK Hege Duckert.

Foto: Jon Petrusson / NRK

Etter at programmet Store Studio viste eit klipp frå filmen «Brent av frost» gjekk skodespelaren til sak mot NRK. I det mykje omdiskuterte klippet frå filmen ser vi Mauseth naken framanfrå der ho har sex i ein båt full av fisk.

– For NRK er det eit viktig prinsipp at vi fritt kan sitere frå utgitte åndsverk, det vere seg bøker, filmar eller musikk, i journalistisk relevante samanhenger, seier kulturredaktør i NRK, Hege Duckert.

Ho meiner at det er NRK sjølv som bestemmer kva del av verket NRK vil sitere frå.

– Sitatretten er ein naudsynt føresetnad for ein fri og open samfunnsdebatt. Vi er glade for at lagmannsretten har lagt vekt på dette aspektet, seier Duckert.

Agnete Haaland

- Trist, seier Agnete Haaland.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Leiar i Norsk skuespillerforbund Agnete Haaland seier dette var ei trist avgjersle.

- Blir dommen ståande bør skodespelarar nekte å ta på seg oppgåver som kan føre til at bilete frå nakenscener i kunstnarisk samanheng blir misbrukt av andre, seier Haaland.

- Feil dom

Advokaten til Gørild Mauseth Eirik Djønne meiner dommen er feil.

- Eg er spesielt bekymra for at dommen uttrykker tvil om slike små snutter er verna. Det skapar i så fall problem både for utøvande kunstnarar og for NRK. Då kan andre produsentar og media forsyne seg fritt, seier Djønne.

Djønne har så langt ikkje vore i kontakt med Gørild Mauseth og seier det er for tidleg å avgjere om dei vil anke saka.

- Vi vil diskutere ein eventuell anke i neste veke, seier han.

NRK tapte saka i tingretten i fjor og anka til lagmannsretten. Ei og ei halv veke etter at saka gjekk i Borgarting lagmannsrett kom dommen. No må Mauseth må betale saksomkostningar.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.