Hopp til innhold

«Fiskesex-sak» til Høgsterett

Høgsterett har bestemt seg for at dei vil behandle saka mellom Gørild Mauseth og NRK.

Gørild Mauseth truer NRK med søksmål

Skodespelar Gørild Mauseth får saka si teke opp i Høgsterett.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Skodespelar Gørild Mauseth anka saka mot NRK til Høgsterett etter å ha tapt i lagmannsretten, og Høgsterett skal no ta opp saka.

Utgangspunktet for søksmålet frå Mauseth er at NRK i «Store Studio» viste eit klipp frå ei sexscene frå filmen «Brent av Frost». NRK hevda at dei hadde sitatretten på si side, då dei viste klippet i samband med ein parodi av scena.

Mauseth hevdar at NRK kjende til at ho hadde ein klausul i kontrakten, som skulle sikre at nettopp denne scena ikkje kunne visast utanfor den kunstnariske samanhengen.

I tingretten vann Gørild Mauseth over NRK. Men NRK anka til lagmannsretten, og fekk der medhald. No vert det opp til Høgsterett å avgjere om NRK hadde rett til å vise klippet.

Det er endå ikkje bestemt kva tidspunkt saka kjem opp i Høgsterett.

NRK sin advokat Jon Wessel-Aas er ikkje spesielt overraska over at Høgsterett vel å ta opp saka.

- Det er nesten ingen rettspraksis på sitatretten i Europa, så det ikkje uventa at Høgsterett vel å sjå nærare på dette, seier Wessel-Aas.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.