Hopp til innhold

Måtte gå med kvalpenis rundt halsen i ny humorserie

Skodespelar Silje Torp måtte gå med eit stinkande kvalpenis-kjede i fem veker under innspelinga av humorserien «Vikingane».

Silje Torp går med ekte kvalpenis rundt halsen i den nye humorserien Vikingane

PENISKJEDE: Kvalpenis-kjede som skodespelar Silje Torp hadde på seg under innspelinga «Vikingane», stinka meir og meir for kvar dag som gjekk.

21. oktober er det premiere på humorserien «Vikingane» på NRK1. Serien er ein humoristisk dramaserie sett til vikingtida.

I laurdagens «Lindmo» fortel Silje Torp om det spesielle kjede som ho måtte gå med i fem veker under seriens innspeling.

– Dette smykket som du ber på i serien er ikkje akkurat historisk korrekt, kan vi kalle det fangst frå felt?

– Du tenker på det pikkjedet eller pisskjedet som regissørane kalte. Ja det krev kanskje ei forklaring, seier Torp.

Frøya, spelt av Silje Torp, er ein av karakterane i serien. Ho både valdtar, plyndrar og kuttar penisar av munkar. Og som trofé heng ho penisane rundt halsen.

Erstatning for menneskepenis

Kostymemedarbeidarane var i tvil om korleis dei skulle lage noko som likna på innskrumpa menneskepenisar, fortel Silje Torp på «Lindmo» laurdag.

Silje Torp på «Lindmo»

GJEST: Skodespelar Silje Torp er saman med Kåre Conradi gjest i laurdagens «Lindmo».

Foto: Julia Naglestad / NRK

– Du kan tenke deg ein penis som har skrumpa inn, den er ikkje veldig imponerande. Så dei kostymeansvarlege laga rett og slett dildoar. Men det blei litt mykje, seier Torp.

Dermed laga kostymedesignarane eit penissmykke som er laga av ekte hud frå kvalpenisar.

Illeluktande

Nokre av dagane regna det under innspelinga, og peniskjede lukta meir og meir som dagane gjekk. Kåre Conradi, som også har ei rolle i serien, fekk sympati for Silje Torp som måtte gå med det illeluktande kjede.

– Det lukta meir og meir for kvar einaste dag. Det var vanskeleg å vere Silje Torp etterkvart. I tillegg hadde dei berre eit kjede, så dei kunne ikkje bytte det ut med eitt friskt eitt, seier Conradi.

– Eg prøvde å dra kjede litt lenger ned for å unngå stanken, men fekk streng beskjed om å heise smykke opp igjen, humrer Silje Torp.

Alle episodane av «Vikingane» blir lagt ut på nett 14.oktober, ei veke før serien har premiere på NRK1.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.