Hopp til innhold

Måtte endra namn for å få leilegheit

Det skulle ei namneendring til før Sofia Ciel fekk leilegheit via Finn. Nå fortel fleire polakkar om diskriminering i Noreg.

Sofia Ciel

Sofia Ciel fortel at trass tre år i hovudstaden, kan ho framleis kjenna seg som ein framand i Noreg.

Foto: Åsmund Lahaug

– Eg visste at det fanst mange steorotypiar om polakkar, men eg visste ikkje korleis dei fungerte i praksis, seier kunstkritikar Sofia Ciel.

Ciel betyr himmel på fransk. Nyleg gjekk ho frå å ha eit polsk namn til ein franskinspirert versjon av namnet.

Då ho fyrst kom til Noreg i 2020, brukte ho det polske namnet sitt. Då braut pandemien laus, og det tronge kollektivet gav inga skrivero.

Det sette i gong ei leilegheitsjakt på Finn som Ciel ikkje var førebudd på.

– Ein månad gjekk utan svar. Eg spurte ein venn om å sjekka norsken min, men han reagerte i staden for på at eg brukte mitt eigentlege, polske namn. Han sa: «Alle veit det, men ingen seier det høgt, at du rett og slett må bytta namn.»

Ciel endra namnet på Finn til eit skandinavisk namn.

Då fekk eg svar sånn, seier ho, og knipsar med fingrane.

– Godt forkledd rasisme

Polakkar utgjer den største innvandrargruppa i Noreg. Rundt 115 000 polakkar bur i Noreg i dag, viser statistikk frå SSB.

– Ofte vert polakkar omtalt som billig arbeidskraft og småkriminelle, med falske covid-attestar. Me høyrer berre om dei, ikkje frå dei, seier forfattar og sosiolog Ewa Sapiezynska.

Forsida til boka /Jeg er ikke polakken din/ av Ewa Sapiezynska. På forsida står også følgande sitat frå artisten Nosizwe Lise Baqwa: "En skarp, ærlig og sårbar fortelling om rasisme og likeverd."

Forfattar Ewa Sapiezynska kallar boka si for ei bekymringsmelding og ei kjærleikserklæring til Noreg.

Foto: Linda Bournane Engelberth

På bakgrunn av eigne og eit trettitals andre polakkar sine erfaringar i Noreg, har ho nett gitt ut boka Jeg er ikke polakken din.

Diskriminering på bustadmarknaden har også forfattaren opplevd sjølv.

– Naboane sendte eit brev til utleigaren min og ba ho om å fjerna etternamnet mitt frå postkassa. Dei skreiv at etternamnet mitt kunne gjera at prisen på dei andre leilegheitene fell. Det var godt forkledd rasisme, seier Sapiezynska.

Sapiezynska kallar boka for ei bekymringsmelding, der hovudtemaet er å setta lys på utfordringar som mange tenker ikkje gjeld denne gruppa.

– Polakkane er ikkje dei som er mest diskriminerte i Noreg. Det er berre det at me ikkje har prata så mykje om det før, seier ho.

Ewa Sapiezynska

Forfattar Ewa Sapiezynska saknar polske stemmer i den offentlege debatten i Noreg, men håper at boka hennar kan bidra til at fleire stemmer når opp og fram.

Foto: Linda Bournane Engelberth

– Får for lite merksemd

– Dei nye svarte i Noreg er polakkar, seier Akhenaton de Leon, leiar i organisasjonen Offentleg organisasjon mot diskriminering (OMOD).

Gjennom OMOD har han møtt folk frå Polen som ikkje opplever å verta trudd på når dei fortel om rasisme, nett fordi dei er kvite.

– Hudfarge er eit av mange diskrimineringsgrunnlag. Dei som er kvite slepp denne tilleggsdimensjonen. Men dei er uansett utsette for diskriminering, og slik har det vore sidan det vert opna for innvandring frå Aust-Europa. Det ser ein til dømes på dårlege arbeidsforhold.

I ein FAFO-rapport frå i år, oppgav nesten halvparten av innvandrarar at dei har opplevd diskriminering det siste året, særleg i arbeidslivet og til dels på bustadmarknaden. Somaliske innvandrarar rapporterte om mest diskriminering, og polske innvandrarar minst.

Som ei stor gruppe har polakkar eit stort potensial til å påverka den offentlege debatten. Dette er ein prosess og ting tek tid, men det går riktig veg, seier de Leon.

Han er ikkje overraska over historia om postkassa, og har høyrt mange liknande historier om bebuarar i burettslag som har gått saman om å ikkje leiga til innvandrarar i frykt for at bustadprisane kan falla.

– Fleire må fortelja historia si

Dei siste tre månadene har Ciel leita etter ny leileghet. Denne gongen har ho ikkje berre endra namnet på Finn, men ho har også endra det offisielt.

– Eg vil unngå problema ein får med å ha eit austeuropeisk namn, seier Ciel.

Ho har ein doktorgrad frå Polen, men får stadig spørsmål om han er like god som ein norsk doktorgrad. Også ho kjenner igjen stereotypiane Sapiezynska trekk fram.

– Det er slitsamt å verta sett på slik.

Erfaringa ho gjorde seg på Finn, skreiv ho om i eit lesarinnlegg til Morgonbladet.

– Det er sjeldan ein kan visa konkret rasisme eller diskriminering. Ein kan fortelja om erfaringane sine, slik Camara Lundestad Joof gjer i Eg snakkar om det heile tida eller Yohan Shanmugaratnam i Vi puster fortsatt. Og for å få til ei endring krev det at fleire fortel historia si.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.