Hopp til innhold

Markus Neby skal leie ny julekalender: – Kjenner jo på nokre nervar

NRK har for fyrste gong laga ein reality-julekalender. I «24-stjerners julekalender» skal 24 kjendisar konkurrere om å bli den beste til å takle julestria.

Markus Neby i 24-stjerners julekalender

Markus Neby lovar at kjendisane i «24-stjerners julekalender» skal få gjennomgå.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Ein kjenner jo på nokre nervar før ein skal inn i eit rom for fyrste gong og så ser du Olaug Bollestad, Christian Borch og Mayo Indiran sitje på ein tribune og ventar på deg.

Det seier Markus Neby før han fortset:

– Men det var jæskla gøy, og eg tar jo både jula og oppgåvene på fullt alvor sjølv.

Til vanleg ser vi han som sidekick i «Kåss til Kvelds», men denne gongen har Neby tatt på seg programleiar-hatten.

I «24-stjerners julekalender» skal han lose kjendisar gjennom ulike utfordringar som ofte dukkar opp i jula.

– Dette er ein julekalender som tar jula på blodigaste alvor, med mykje kødd og fjas, og kjente fjes du blir veldig glad i – i takt med at dei mistar verdigheita si, seier Markus Neby.

Øyunn Krogh i "24 stjerners julekalender"

Påverkar Øyunn Krogh igang med ei konkurranse.

Martin Lepperød og Tete Lidbom i "24 stjerners julekalender"

Martin Lepperød og Tete Lidbom blir utfordra med julebakst.

Amir Asgharnejad. Katrine Moholt og Hasse Hope i "24-stjerners julekalender"

Hasse Hope ser lettare stressa ut i «24-stjerners julekalender».

Vakter måtte nesten gripe inn

Kjendisane skal mellom anna bryne seg på julesong, julebakst og juletrepynting.

Men ting blir ikkje alltid gjort på den tradisjonelle måten, for som vi alle veit, kan Neby vere ein luring. Deltakarane må vere førebudd på alt.

For eksempel er det ein konkurranse der deltakarane får i oppgåve å kvese som ein katt og skotte som ei rotte.

– Ganske dumt, men deltakarane går så hardt inn i det, at vakter nærmast måtte gripe inn.

Den som gjer det dårlegast må forlate konkurransen, heilt til det står igjen éin til slutt. For på sjølvaste julaftan blir vinnaren kåra.

– Blei utmatta og traumatisert

Det er fyrste gong NRK har ein julekalender som vikar frå barneformatet.

Blant kjendisane som skal prøve seg på julestria finn ein mellom andre påverkar Øyunn Krogh, dansar Helene Spilling, politikar Olaug Bollestad, TV-personlegdom Mayoo Indiran og politikar Lan Marie Berg.

Lan Marie Berg og Vita Mashidi i 24 stjerners julekalender

Lan Marie Berg legg ikkje skjul på at ho gjekk utanfor komfortsona i «24-stjerners julekalender».

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Berg er ærleg om korleis det var å vere med:

– Eg deltok for å utfordre meg sjølv. Dette var det skumlaste eg kunne sjå for meg, og eg blei både utmatta og litt traumatisert. Det blir høg putefaktor, så eg trur folk kjem til å elske det.

Dansar Helene Spilling trur kalenderen vil skape meir enn berre begeistring:

– Eg trur mange der heime kjem til å vere både begeistra og sjokkert over kva dei ulike TV-profilane har klart å tulle seg bort i.

Safari Shabani og Helene Spilling i 24-stjerners julekalender

Kven kjem lengst av Safari Shabani og Helene Spilling?

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Forstår at folk er lei av kjendisar

Markus Neby forstår den som er lei av kjendisprogram.

– Men eg lovar at kjendisane skal få gjennomgå, både verbalt og gjennom oppgåvene, så håpar det gjer det litt lettare!

– Og så blir jo dette det aller, aller siste kjendisprogrammet. I alle fall i 2022.

Desse er med i «24 stjerners julekalender»:

Amir Asgharnejad (37)

Portrettbilde av Amir Asgharnejad ikledd sixpence, rutete skjorte, mønstrete slips og fløyelsvest med en sløyfe med det norske flagget på.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Billed-kunstnar, skodespelar, komikar og stuntreporter

Sofie Frøysaa (32)

Portrettbilde av Sofie Frøysaa, med et lurt smil om munnen iført hvit t-skjorte og sort dressjakke med hendene formet til et hjerte.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Komikar og samfunnsdebattant

Martin Lepperød (29)

Portrettbilde av Martin Lepperød, smilende med hodet litt på skakke iført rutete skjorte og beige t-skjorte.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Komikar, radioprofil

Wanda Mashadi (30)

Portrettbilde av Wanda Mashadi, smilende iført jeansjakke.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

TV-profil og påverkar

Lan Marie Berg (35)

Portrettbilde av Lan Marie Berg, smilende med armene i kors iført prikkete, lys skjortebluse og militærgrønn dressjakke.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Politikar i MDG

Mathias Luppichini (30)

Portrettbilde av Mathias Luppichini, smilende iført mellomblå skjorte.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Skodespelar og musikar

Aurora Gude (30)

Portrettbilde av Aurora Gude, smilende iført en glitrende, noe gjennomsiktig, langermet gulltopp med sort undertøy under.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

TV-personlegdom

Mayoo Indrian (32)

Portrettbilde av Mayoo Indrian, med hodet vendt litt bakover og et stort smil om munnen iført en hvit t-skjorte.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

TV-personlegdom, programleiar og føredragsholder

Christian Borch (78)

Portrettbilde av Christian Borch, iført lyseblå skjorte og mørk dressjakke med et bestemt uttrykk i ansiktet.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Pensjonert utanriksreporter og nyheitsanker, forfattar, føredragsholder.

Ingrid Gjessing Linhave (45)

Portrettbilde av Ingrid Gjessing Linhave, smilende med hendene foldet fremfor seg, iført kortermet dongeriskjorte med puffermer.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Programleiar, journalist og TV-regissør

Emil Gukild (30)

Portrettbilde av Emil Gukild, smilende med hånden under haken iført en lysegrønn genser.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Programleiar

Øyunn Krogh (27)

Portrettbilde av Øyunn Krogh, smilende iført en sort genser.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

TV-personlegdom og påverkar

Wasim Zahid (47)

Portrettbilde av Wasim Zahid, smilende med armene i kors, iført lyseblå rutete skjorte under en grønn genser.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Lege, youtubar og folkeopplysar

Olaug Bollestad (61)

Portrettbilde av Olaug Bollestad, med et stort smil om munnen iført en rødmønstret topp.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Politikar i KrF

Ailo Gaup (43)

Portrettbilde av Ailo Gaup, halvt smilende iført mørk lilla hettegenser.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tidlegare FMX-utøvar

Katrine Moholt (49)

Portrettbilde av Katrine Moholt, smilende med utslått hår og en hånd på hofta, iført militærgrønn kjole og rød neglelakk.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Programleiar

Tete Lidbom (36)

Portrettbilde av Tete Lidbom, smilende med stor munn iført sort college genser.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Programleiar

Vita Mashadi (30)

Portrettbilde av Vita Mashadi, smilende iført en oversized beige genser, gullsmykke med håret oppsatt.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

TV-profil og påverkar

Safari Shabani (24)

Portrettbilde av Safari Shabani, glisende med begge hender pekende mot kamera iført sort sixpence, stripete piquetskjorte og en retro jakke.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Komikar og skodespelar

Helene Spilling (25)

Portrettbilde av Helene Spilling, smilende med hodet litt på skakke og armene i kors, iført lyseblå genser.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Dansar

Hasse Hope (36)

Portrettbilde av Hasse Hope med et undrende ansiktsuttrykk og høyrehånden ved haken, iført rød alpelue og sort, høyhalset genser.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Komikar

Silje Norendal (29)

Portrettbilde av Silje Nordendal, smilende iført hvit topp og himmelblå cardigan med flette i håret som hun holder med begge hendene på.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

TV-profil i Viaplay og tidlegare snowboardar

Aleksander Sæterstøl (27)

Portrettbilde av Aleksander Sæterstøl, smilende iført beige genser.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

TV-personlegdom og påverkar

Lasse Matberg (37)

Portrettbilde av Lasse Matberg, smilende med utslått hår iført en sort genser.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

TV-personlegdom og tidlegare Løytnant i Forsvaret

Meir info om julekalenderen følgjer under:

Les også 24-stjerners julekalender - premiere!

Markus Neby julete antrukket i programlederpositur med syv julekalenderdeltakere bak seg, grafisk illustrert poppende ut av en julestjerne. 24 stjerners julekalender-logoen i storformat til høyre i bildet, og en bakgrunn i form av et vinterland med julestjerner på himmelen.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.