Hopp til innhold

Padlar eit heilt år til inntekt for velgjerande organisasjonar

Som fyrste mann i historia har norsk-kanadiske Mark Ervin tenkt å fullføre The Greater Loop i Nord-Amerika. Ei strekning like lang som frå Noreg til Nord-Korea.

Mark Ervin (65) er frå gruvebyen Atikokan i Canada, nær grensa til USA, men har dei siste 34 åra budd i Noreg.

Her han stifta familie og gjort karriere i den maritime bransjen.

Men da han pensjonerte seg i sommar gav han seg sjølv ei avslutningsgåve litt utanom det vanlege.

Nemleg å padle The Greater Loop på det nordamerikanske kontinentet.

Mark Fuhrmann framfor kajakken sin ved steinformasjonen Perc Rock i Canada.

– For meg var dette ei gyllen tid å gjere det på. Ein veit aldri kva som er rundt den neste svingen, seier Mark Ervin.

Kan bli fyrste mann i historia

The Great Loop er ei rute på 9.500 kilometer, men Mark Ervin har tenkt å padle 1500 km lenger. Derfor kallar han det for The Greater Loop, og det vil ta eit heilt år å gjennomføre i kajakk.

«Den store løkka» startar i Halifax nordaust i Canada, og går gjennom dei store innsjøane nedover USA, gjennom Mississippi og ned til Mexicogolfen, og Florida. Deretter padlar han heile vegen opp til Halifax igjen langs Atlanterhavskysten.

Det er like langt som å køyre frå Noreg til i Nord-Korea. Nesten to kontinent på tvers.

Akkurat nå er han i byen Mobile i Alabama.

Det er fleire som har forsøkt seg på The Great Loop, men det er ingen som har klart å fullføre den i si heilskap i kajakk.

Det skremmer ikkje Ervin. Han har tidlegare uttalt at han likar å bli utfordra.

Spesielt når det er for ei god sak.

Vil samle inn 1 million kr

Målet hans er nemleg å samle inn 1 million kroner til Legar utan grenser og Kapteinar utan grenser (Captains without Borders).

At det er akkurat desse organisasjonane er ikkje tilfeldig.

Kona til Ervin var lege, og hadde ein draum om å ein gong ta del i arbeidet til Legar utan grenser.

– Dessverre døydde ho av hjernekreft for 10 år sidan, og fekk ikkje oppnådd det målet. Derfor har eg lyst til å støtte akkurat den organisasjonen, fortel Ervin.

Mark Fuhrmann ved Lacine-kanalen i Ottawa.

Mark Ervins kone døde av hjernekreft. Det har vore en drivkraft for han for å samle inn pengar til Legar utan grenser.

Foto: Privat

Han starta innsamlinga i forbindelse med TV-aksjonen, som i fjor gjekk til nettopp Legar utan grenser. Folk kan donere gjennom spleisane han har oppretta, eller ved å gi direkte til Legar utan grenser.

langt har norsk-kanadiaren samla inn rundt 90.000 kr.

Det set Legar utan grenser pris på.

– Det bidrar både til å gi Legar utan grenser inntekter til vårt livreddande arbeid og til å gjere arbeidet meir kjent, seier innsamlings- og marknadsansvarleg Christian Sørensen.

Sta som ein okse

Det er ikkje fyrste gong Ervin er ute på eventyr. For nokre år sida padla han frå Oslo til Hellas i forbindelse med ein fredskampanje.

Han er altså ein erfaren friluftsmann.

Eg trur eg har mykje viljestyrke, for eg er sta som ein okse, seier han og ler.

Mark Fuhrmann framfor kajakken sin ved steinformasjonen Percé Rock i Canada.

Trass i det innrømmer Ervin at turen tærer på.

Ruta i seg sjølv er utfordrande og hinder som steinformasjonar og kanalslusing kan dukke opp.

I tillegg kan vêr og vind sette ein stoppar for vidare ferd.

Det skjedde blant anna med Steve Chard, ein britisk ubåtførar da han skulle prøve seg på The Great Loop for nokre år sidan. På grunn av dårleg vêr måtte han avbryte turen og reise heim til England.

– Vegen frå Halifax til Alabama har vore fantastisk, men også utfordrande med ei god dose frykt. Eg har padla i all slags vêr og vanskelege forhold, fortel Ervin.

Søv under ein parkbenk

Det som gjer det ekstra utfordrande er at Mark er avhengig av å finne ein plass å sove kvar einaste kveld.

Han søv der han føler seg trygg. Det kan vere på stranda ved breidda av ein elv, i skogen, i ein båt, i eit vaskerom, og under ein parkbenk.

Eller på eigedomen til folk som ikkje vil at eg skal overnatte i huset, men som ikkje har noko i mot at eg ligg i hagen, fortel han.

Ofte finn eg ei hytte eg kan ligge i. I Canada er mange av dei hyttene ulåste.

Eit badekar, rettare sagt eit gammaldags eit, på turen The Great Loop

Mark Ervin har funne ei hytte, og eit «badekar» i grøne omgjevnadar.

Mark Fuhrmann har slått opp telt på ei strand i New Brunswick i Canada.

Det har vore mykje telting på stranda for Mark Ervin.

Ei grøn hytte i Nord-Amerika.

Ei grøn hytte openberrar seg.

Hytte i Nord-Amerika utstyrt med trekommode, trestol og ein sjarmerande peis.

Stova i den grøne hytta er koseleg innreidd med trekommode, trestol og peis.

Ein stor bil som er innreidd med seng

Ein bil kan også fungere som overnattingsplass.

Mark Fuhrmann teltar ved elvebreidda ein plass i Nord-Amerika.

Telt i solnedgang.

Menneske er krydder

På ferda har han også fått mykje hjelp av menneska han har møtt på.

Fleire av dei har følgt reisa hans på YouTube-kanalen og bloggen hans, der han jamleg legg ut oppdateringar.

Naturen er vakker. Men det vakraste er menneska eg har møtt. Menneske er krydder i livet, vi kan lære mykje av kvarandre, seier han.

Å vere borte eit heilt år frå den vanlege kvardagen med alt det måtte innebere er inga enkel oppgåve.

Ervin innrømmer at han saknar morgonkaffien på Kaffebrenneriet, og gode stunder med familie og venar.

Sjølvsagt saknar eg barna og barnebarna. Det er mykje som skjer i løpet av den tida, spesielt barnebarna utviklar seg mykje på eit år.

Mark Fuhrmann med regnbogen bak seg

Mark Ervin med to regnbogar bak seg.

Foto: Privat

Sat litt fast i kvardagen

Men så langt har denne reisa fått han til å føle seg betre. På innsida og utsida.

Den har gitt meg tonnevis av nye opplevingar og nye ferdigheiter eg kan bruke nå, og seinare. Eg føler meg mykje yngre. Eg er ikkje så gammal, berre 65 år, men å vere ute i naturen og puste inn frisk luft gjer meg yngre.

Han er tydeleg på at dette året gir han meir enn om han hadde vore heime.

For som mange kan kjenne seg igjen i, følte Ervin at han sat litt fast i kvardagen.

Men av å flytte grensene mine, og oppleve forskjellige måtar å leve på, opplever eg meining i ting eg ikkje har tenkt på, seier 65-åringen.

Ha eit mål og kryss av i kalenderen

Han har tips og inspirasjon til deg som sit på gjerdet og ventar på å hoppe ut i draumen du har.

Balanse er viktig. Det er viktig å gjere noko som er annleis enn kvardagen. Ha eit mål. Sjå på kalenderen. Om det er eit år eller to år framover så kryss av datoen, og bestem deg for å gjere det. Da har du noko å glede deg til, seier han.

Mark Fuhrmann sit på terrassen til ein grøn hytte i Nord-Amerika

Mark Ervin på ei av hyttene han har overnatta i på turen.

Foto: Privat

Sjølv har han venta i tre år på å starte reisa han nå er på.

Nå er eg endeleg her. Eg har fått andre tankar. Eg har fått inspirasjon som eg kanskje aldri hadde fått om eg vart sitjande fast heime. Eg trur ikkje eg kjem til å angre i det heile tatt, fortel han.

Det gjenstår å sjå om han kjem i mål i Halifax til sommaren. Gjer han det blir han den fyrste til å padle The Great Loop og enda lenger utan stans.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.