Hopp til innhold

Magnitsky-produsent: Uroleg før avreise til Moskva

Tysdag blir den kontroversielle norsk-russiske filmen «The Magnitsky Act» vist i Russland. Produsenten bak filmen, Thorstein Grude, seier han er uroleg før reisa til Moskva.

Sergei Magnitsky

PROVOSERER: «The Magnitsky Act – Behind the scenes» sår tvil om den russiske advokaten Sergej Magnitsky var ein varslar eller ein kriminell, og hadde alt før den blei vist skapt heftig debatt og fått trugslar om søksmål.

Foto: Alexander Zemlianichenko / Ap

– Vi veit ikkje kva som ventar oss i Moskva, og det er vi redd for på fleire måtar, seier Thorstein Grude, produsent bak «The Magnitsky Act – Behind the scenes».

Då filmen hadde premiere på Filmen Hus i helga var det fleire i salen som stilte spørsmål ved innhaldet og dokumentasjonen bak den. Tysdag 28. juni skal filmen visast på Moskva Internasjonale Filmfestival.

Ventar motstand i Moskva

– Andrei Nekrasov, filmens regissør, er ein dissident, ein sterk Putin-kritikar gjennom mange år, han har levd under vern i Noreg, seier Grude.

Nekrasov er kjent for å vere ein Putin-kritikar, og kom til Noreg i 2011 under friby-forfattarordninga. No vert han skulda for å drive Putin-propaganda.

– Då vi gjorde opptak til filmen vår i Russland smugla vi han inn i landet. No er det fyrste gong han reiser inn i Russland under fullt namn, seier Grude.

Men ifølgje Nekrasov har ikkje Kreml noko med saka å gjere. Regissøren meiner at filmen handlar om eit økonomisk brotsverk som vert tåkelagt av politikk, menneskerettar og kjensler rundt ein person som døydde i fengsel.

– Eg trur debatten kjem til å bli endå kraftigare i Moskva, seier Nekrasov.

Trugslar om søksmål

Men det er ikkje berre i Russland filmen kan skape problem.

Browder har sidan Magnitsky døydde drive ein stor kampanje kalla rettferd for Magnitsky. Saman med Magnitsky sin familie har han trua ei rekke aktørar med søksmål for ærekrenkingar om filmen vert vist.

Kortfilmfestivalen i Grimstad, EU-parlamentet og den tysk-franske kringkastaren Arte har stoppa visingar av den.

– Ikkje beskytta av ytringsfridomen

– Dette er ein grovt ærekrenkande film som ikkje er beskytta av ytringsfridomen, seier Carl Bore, Magnitsky-familien og Browder sin advokat i Noreg.

Ifølgje Bore rettar filmen skuldar om grove straffbare forhold mot avdøde Magnitsky, og til dels også mot William Browder. Han meiner at filmvisninga i Oslo vil få konsekvensar.

Det vil seie eit søksmål?

– Det er ein vurdering eg ikkje vil gå inn i no, men det kjem vi tilbake til, seier Bore.

Grude seier at han i så fall er klar til å forsvare filmen i retten.

– Vi er redd for å bli saksøkt, men vi er ikkje redd for å stå i retten og forsvare filmen vår, seier Grude.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters