Omtrent halvparten av all medisin vi kjenner i dag kjem eigentleg frå naturen. Det er ikkje så mykje magi inne i biletet, men mykje forsking, prøving og testing for å finne ut kva planter som fungerer mot kva sjukdommar. Av og til må ein behandla plantene kjemisk også for å utnytte dei som medisin.
Laboratorium
Her lagar eg piller saman med Berit Smestad Paulsen i laboratoriet. Foto: NRK
Difor besøker eg eit laboratorium saman med ein forskar som heiter Berit Smestad Paulsen. Eg har tenkt å ta med meg litt bark frå eit piletre så vi kan utføre eksperiment på det. Piletrebarken inneheld nemlig eit stoff som hjelper mot blant anna feber og hovudverk. Det heiter salicin. Saman med forskaren skal eg utføre kjemiske prossessar som gjer at vi hentar ut salicinen frå piletrebarken. Etterpå skal vi lage våre eigne piller akkurat på same måten som dei laga piller for hundre år sidan.
Ikkje berre bra
Her har eg kledd meg ut som den tyske forskaren Johann Buchner. Foto: NRK
I 1828 klarte ein tysk forskar for første gong å hente ut det som skulle vise seg å vera salicin. Då trudde dei at dei hadde laga ein veldig god medisin. Dessverre viste det seg at når ein brukte salicin til å kurere feber og hovudverk, fekk ein veldig vondt i magen. Det var biverknaden av salicin.
I dag brukar dei ikkje salicin direkte i medisin på grunn av dette. Derimot har nokre smarte vitenskapsfolk klart å lage noko som heiter acetylsalisylsyre. Dette stoffet hjelper mot det samme som salicin, men har ikkje slike ekle biverknader. Difor lagar dei i dag medisin av dette stoffet.
Du har kanskje til og med teke stoffet sjølv? Det er nemleg acetylsalisylsyre som er verkestoffet i aspirin. Det betyr at det er acetylsalisylsyra i aspirinen som verkar mot hovudverken og feberen.
Bli med og lær meir om ”magiske” planter i sendinga på søndag og gå på jakt etter den skrikande planta frå Harry Potter og Mysteriekammeret - den finst faktisk i røynda!