Hopp til innhold

– Idretten har gjort meg til den eg er i dag

ZADAR (NRK): Ho var best i verda, men måtte slutte som 21-åring. I dag rauk Madeleine Enersen Hellerød ut av «Mesternes Mester».

Madeleine Enersen Hellerød

UT MED EIT SMIL: Madeleine Enersen Hellerød tok ikkje tapet i nattesten veldig tungt.

Foto: arne sørenes / nrk

– Det er litt kjipt, men ein kan ikkje ha hell og lukke med seg kvar gong.

24-åringen frå Lørenskog vart første kvinne ut av «Mesternes Mester» etter å ha tapt nattesten mot langrennsløpar Odd-Bjørn Hjelmeset. Det var ikkje heilt etter planen.

– Sjølvsagt skulle eg likt å ha gjort det betre, men sånn er det av og til. Det går ikkje alltid den vegen ein har tenkt.

«Allsidighet» var tema for dei seks konkurransane den første veka. Madeleine Enersen Hellerød trur det var ein kombinasjon av dårlege taktiske vurderingar og litt uheldige øvingar for hennar del som gjorde at ho enda nedst på resultatlista etter dei to fyrste programma. Særleg sleit ho med å henge rett opp og ned i øvinga «Jerngrep»:

– Eg har jo minst hender av alle jentene til og med. Når stanga er like tjukk for både jentene og gutane, er det ikkje så lett for meg å halde rundt den stanga.

Deltagere i Mesternes mester under øvelsen «Jerngrep».

Madeleine Enersen sleit med å henge rett opp og ned i øvinga «Jerngrep»

Foto: Rubicon/NRK

Men når ho fyrst skulle ryke synest Hellerød det var heilt greitt å tape for dobbelt så gamle Hjelmeset:

– Han og Vidar Riseth vart som to pappaer for meg her nede, så det var bra at han kom seg vidare.

Best i verda

Madeleine Enersen Hellerød er den mestvinnande norske dansaren gjennom tidene. Då ho la opp 21 år gammal kunne ho sjå tilbake på mellom anna ni VM-gull, fem EM-gull og heile 48 NM-gull i diskodans.

Madeleine Enersen Hellerød har mistet tellingen over hvor mange pokaler hun har.

POKALGROSSISTEN: I 2011 laga NRK programmet «Min idrett» om 16-år gamle Madeleine. Alt då hadde både ho og pappa Knut mista teljinga over kor mange pokalar ho hadde.

Målretta, hardt arbeid er oppskrifta bak suksessen, fortel Hellerød, som tidleg sette seg som mål å bli best i verda:

– Eg har ofra mykje gjennom barndom og oppvekst for å nå måla mine. Ein må innsjå at det krev mykje tid og energi og at ein må ofre noko for å nå toppen.

Å måtte slutte i 2016 på grunn av ryggproblem vart ein nedtur:

– Altså, det er jo det beste å gje seg på topp. Men samstundes er det ganske kjipt å måtte slutte på grunn av ein skade.

No jobbar Hellerød full tid i ein omsorgsbustad, samstundes som ho tar på seg litt danseundervisning både i inn- og utland.

– I sommar var eg både i Sverige og Polen. Eg koser meg med å lære nye talent å kanskje bli like gode som det eg var.

Se Madeleine Enersen Hellerød sin akrodans her.

VM-GULL: Madeleine Enersen Hellerød sin akrodans i VM 2011. Video frå NRK-programmet «Min idrett».

Enersen Hellerød er glad for alt ho har oppnådd gjennom idretten:

– Det eg har oppnådd og lært gjennom dansinga har gjort meg til den personen eg er i dag. Eg er så takksam for alt eg har fått med meg.

Å få vere med i «Mesternes Mester» vart ein opptur, sjølv om ho rauk ut tidleg:

– Det å bli kjent med folk som har oppnådd liknande ting som meg innan ulike idrettar set eg faktisk høgare enn å komme langt i konkurransane. Det er ein veldig flott gjeng som er med, og vi har klikka veldig bra saman.

Madeleine Enersen Hellerød

FINE DAGAR: Etter at konkurransane var over fekk Madeleine god tid til å kose seg på stranda i Kroatia.

Foto: arne sørenes / nrk

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor