Hopp til innhold

M. Kanne & Søn 1923 - 1943

Typisk nummer-to-i-ein-trilogi-roman som likevel gjer meir enn å fylle ut gapet mellom starten og slutten.

Einar O. Risa

Foto: Cowtown Studio / Hanne

Foto: Cowdown Studio / Hanne


Første roman om M. Kanne og Søn gjekk frå 1889 til 1922. Der møtte vi den unge danske fotografen M. Kanne som etablerte seg med atelier og familie i Stavanger. I årets roman er dei fem barna med familiar i sentrum, men allereie her må eg vege orda, for kva er eigentleg sentrum i denne trilogien?

Godt støypte Kanner

Einar O. Risa: "M. Kanne Søn (1923 - 1943)"

Einar O. Risa: 'M. Kanne & Søn (1923 - 1943)

Kunne ein kanskje like gjerne sagt at Stavanger var sentrum, fordi historia er så tett knytt til bygatene og byutviklinga? Slik kunne ein nok lese den første romanen, men i år er sjølve byen neddempa i den grad at ein ved å endre på eitpar stadnamn kunne flytta heile historia til ein annan by ved sjøen. Ein kunne også peika ut tida som hovudperson, for her flettar de små historiene om eit liv seg inn i den store historia, og ein kan trygt seie at den store historia legg kraftige føringar på Kannenes liv, draumar og prosjekt. Og denne ”hovudpersonen” er minst like tydeleg å del to som i del ein, så er det også ei uvanleg dramatisk tid det handlar om her.

Kannene og dei inngifta spreier seg utover kartet i ei stor vifte: frå den italofile skribenten som tidleg blir fascinert av Mussolini og held fast ved førsteinntrykket, via han som treng nytt arbeid og oppdagar at det finst ei ”framtid i støv” då støvsugaren kom på marknaden, til dei som kjenner avsky ved dei fiendtlege meldingane på vindauga til den jødiske urmakaren og han som har motorsykkel og dame i Danmark men som likevel aldri kjem seg av garde.

Ein familie og ei tid

Årsaka til at han ikkje kjem seg av garde er privat,- eller er ho det? Mellom han og kjærasten står nemleg gamlekjærasten som døydde i spanskesjuka, og spanskesjuka var ikkje særleg privat den heller. Denne trilogien er altså ei historie om ei tid sett gjennom ein familie, eller om ein familie sett gjennom ei tid. Dermed er det også sagt at samanflettinga av dei små og den store historia er svært overtydande gjort. Risa bruker både den materielle utviklinga slik ho kjem til byen gjennom teknologiske framsteg og nye forbruksvarer som altså støvsugar og ikkje minst radio, og han bruker den politiske historia som er fjern men som likevel kan skape tumultar ved den tradisjonelle julemiddagen.

Som også spelte ei stor rolle i bok nummer ein der den var det absolutt faste punktet. No er middagen flytta, menyen endra, og det er nye folk som sit rundt bordet og fortel nye historier. Det tapre forsøket på å halde noko fast i ei omskifteleg tid er direkte rørande. Når ein pinnekjøtetar tek seg i å sakne juleanda til Kannene, seier det også noko interessant om styrken i forma på denne romanen. Her får vi nemleg ikkje grundige innblikk i sjelslivet til den enkelte Kanne. Personane gjev seg til kjenne gjennom små replikkvekslingar og ikkje minst gjennom handlingar og mangel på handling, jo, dei tenkjer litt av og til, men personteikninga er i stor grad ein ytre affære. Som likevel altså gjev lesaren nok til å bli engasjert, kanskje fordi samspelet mellom liv og tid er så, ja, intimt på grunn av den store detaljrikdommen som underleg nok får plass i den lite voluminøse romanen.

Transportetappe

"M. Kanne & Søn 1923-1943" følgjer altså lojalt opp og vidarefører historia frå første Kanne-roman, på på godt men også på vondt. I eit så strengt kronologisk løp er det ikkje til å unngå at romanen får preg av midtparti og transportetappe, fordi den stadig må flette inn bakgrunnsinformasjon frå første bok. Det er elegant gjort, men det merkest. Det merkest også at historia skal vidare og at slutten her ikkje er slutt. Det er no ein gong slik med romanar, at opninga og avslutninga er dei store markørane, midten er liksom berre midten og Risa gjer ikkje noko forsøk på å lage ei avrunding som kunne verke som ei avslutning inntil vidare.

Så får vi tru sjølve byen får spele meir aktivt med i tredje del av Stavangertrilogien, ettersom forteljinga nærmar seg tida då den første olja blir pumpa opp av Nordsjøen og forandrar byen for alltid. Ja, der var det òg ein ting å notere seg: Risa kallar dette for Stavangertrilogien, men dette namnet er allereie brukt av Arild Rein då han i 2005 gav ut dei tre romanane "Hundedagane", "Grisekoret" og "Kaninbyen" i eitt bind under fellestittelen Stavangertrilogien. Ein god tittel, ja visst, men det fører ingenting bra med seg å gjenbruke ein tittel etter så kort tid. Når tredje bind om Kanne kjem, bør trilogien få eit meir eksklusivt namn. Eller Risa kan ta ein Renberg og gje ut fleire enn tre romanar.

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP