Hopp til innhold

Lynch vil ha meditasjon i skulen

Twin Peaks-regissøren vil bruke meditasjon for å forbetre norsk skule. Se hele intervjuet her!

Video Intervju med David Lynch

Filmregissøren David Lynch, kjend for tv-serien Twin Peaks og filmane Blue Velvet og Mulholland Drive er på noregsbesøk. Men denne gongen vil han ikkje snakke om film, men om meditasjon.

Lynch meiner nemleg at ein ved å innføre meditasjon i skulen vil kunne forbetre skuleresultata, og redusere mobbing og vald.

I morgon møter han kunnskapsminister Kristin Halvorsen for å snakke om meditasjon i skulen.

Ein absurd situasjon

David Lynch er uroa over utdanningssystemet i dag, og meiner at skular verda over har store problem.

– Det er stress og problem, resultatet er at elevane vert utmatta, dei klarer ikkje fokusere, på dei verste amerikanske skulane er det slåsskampar, og lærarar vert utbrende. Det er ein absurd situasjon, og eg kan neste ikkje tru at utdanninga har falle til eit slikt nivå, seier David Lynch.

Å ta i bruk nye lærebøker, måle oppatt klasserom eller bruke meir tid på kvar enkelt elev, fungerer ikkje, meiner Lynch.

– Ingenting av det dei endrar, gjer noko med den lidinga, stresset, tristheita og fortvilinga, og negativitet som er inne i elevane.

Må gå under overflata

Han meiner ein må gå i djupna av sinnet for å få til ei endring.

– Overflate-kurar er ikkje løysinga. Gje dei teknikken av transcendental meditasjon, lat dei lære å dykke djupare inn, og oppleve det nivået i livet der alt er uendeleg lukke, kjærleik, intelligens, kreativitet og fred, seier Lynch.

Ved å gå bruke meditasjon har elevar opplevd at stress, angst, depresjon og frykt forsvinn, og dei verte gladare og får betre karakterar, hevdar han.

Så langt har David Lynch-stiftinga for medvitsbasert utdanning og verdsfred (David Lynch Foundation For Consciousness-Based Education and Peace) sytt for at 150.000 elevar verda over har fått opplæring i transcendental meditasjon. No håper han at også norske elevar kan få lære seg meditasjons-teknikken.

Ingen religion

– Når ein person transcenderer og utviklar han sitt fulle potensial, og når ein person når sitt fulle potensial kallar ein det opplysing. Utdanning bør gje elevar moglegheit til å nå sitt fulle potensial, det hadde vore ein god definisjon på utdanning.

Å nytte ressursar på meditasjon trur David Lynch vil løne seg over eit lenger perspektiv. Og han meiner at meditasjon er noko alle kan ha nytte av.

– Dette er ingen religion, det er ikkje imot nokon religion. Det er for alle menneske uansett religion.

– Negativitet drep kreativitet

Filmregissøren bak har sjølv praktisert meditasjon i fleire år. Men han ser ikkje noko klart skilje på filmane sine før og etter at han lærte seg meditasjonsteknikken.


– Nei, skilnaden går på kor glad eg var då eg lagde dei. Men eg har merka at det er lettare å få idear og lettare å samarbeide med folk no.

Negativitet er ifølgje Lynch den største fienden til kreativiteten. Han fortel at når han ser tilbake på tida då han lagde filmen Eraserhead var han ikkje verkeleg lukkeleg.

Kristin Halvorsen

Kristin Halvorsen skal i morgon møte David Lynch.

Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix

– Då eg fekk pengane til å byrje med Eraserhead, trudde eg at eg skulle vere den lukkelegaste i verda. Men det var overflate-lukke, under var eg ikkje lukkeleg.

Møter Halvorsen i morgon

David Lynch Foundation ynskjer at Kunnskapsdepartementet skal velje ut ti skular, som skal tilby frivillig opplæring i meditasjonsteknikken Transcendental Meditasjon. Noko særleg meir om møtet med kunnskapsministeren vil han ikkje seie no.

– Vi får vente og sjå. Eg har trua på at vi får ein fin samtale, seier Lynch.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen ville i dag ikkje kommentere møtet ho skal ha med David Lynch.

  • Trur du, som David Lynch, at meditasjon kan føre til betre kvalitet i norsk skule?

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.